Helga

kvinnenamn
(Omdirigert frå Namnet Helga)
Sjå òg helg og studentfestivalen Helga

Helga er eit kvinnenamn med same opphav som mannsnamnet Helge. Dette er avleidd av det norrøne namnet Helgi, som har samanheng med ordet heilagr, 'heilag', som i før-kristen tid hadde tydinga 'heldig' eller 'sunn'. Namnet kan også vera knytt til det gammalhøgtyske ordet heil. Namnet Hege har same opphav.

Helga Pedersen er ein norsk politikar.

Helga har namnedag 30. september i Noreg.

Utbreiing endre

Helga er eit svært vanleg namn i Tyskland, der det er det 3. mest utbreidde kvinnenamnet (2007), og på Island, der det er det 6. mest utbreidde (2004).

I Noreg var namnet mykje brukt ved slutten av 1800-talet, men mista utbreiing utover 1900-talet. I 2008 var det 4717 kvinner i Noreg som heitte Helga (SSB).

Kjende namneberarar endre

 
Helga Engs hus ved Universitetet i Oslo.
Foto: Kjetil Ree

Kjelder endre