Helga Pedersen

norsk politikar

Helga Pedersen (fødd 13. januar 1973) frå Vestertana i Tana kommune i Finnmark fylke er ein norsk politikar. Ho er ordførar i Tana kommune for perioden 2019-2023. Ho er medlem av Arbeidarpartiet, og var statsråd i Fiskeri- og kystdepartementet i regjeringa Stoltenberg II frå 17. oktober 2005 til 2. oktober 2009.[1] Pedersen blei vald til nestleiar i Arbeiderpartiet i 2007. Ho var fylkesordførar i Finnmark frå 2003 til oktober 2005.

Helga Pedersen
Helga Pedersen - Arbeiderpartiet.jpg
Fødd13. januar 1973 (49 år)
Sør-Varanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Københavns Universitet
Universitetet i Bergen
VervStortingsrepresentant for Finnmark 2009
VervNestleiar i Arbeidarpartiet 2007–2015
FøregangarHill-Marta Solberg
EtterfylgjarHadia Tajik/Trond Giske
VervNorsk fiskeri- og kystminister 2005–2009
FøregangarSvein Ludvigsen
EtterfylgjarLisbeth Berg-Hansen

Ho var frå 2001 student på hovudfag i historie. Frå januar 2001 arbeidde ho i halv stilling for UNEP/GRID-Arendal. Ho er utdanna Cand.mag med mellomfag historie frå UiT 1998,[1] grunnfag russo-sovjetiske studiar 1996 og mellomfag russisk ved UiB i 1995.[1] Pedersen var førstekonsulent i Finnmark fylkeskommune i 1999-2000, var knytt til Samisk nærings- og utredningssenter i 1998, ungdomssekretær ved AUF i Finnmark i 1997 og lærar/assistent på Boftsa skole 1992-1997.

Helga Pedersen har vore fast representant på Finnmark fylkesting frå februar 2000, medlem av Arbeidarpartiets samepolitiske råd frå 1998 og medlem i Finnmark Arbeiderpartis kvinnepolitiske styre frå 1998. Ho var òg politisk rådgjevar i Nærings- og handelsdepartementet frå 17. april til 19. oktober 2001.

Ho er kandidat for valg av ordfører i Tana kommune i 2019.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Pedersen, Helga (1973-), Stortinget.no 

BakgrunnsstoffEndra