Narmada
Narmada er ei elv i sentrale India, og dannar saman med Tapti ei av grensene mellom Gangessletta i Nord-India og Deccanplatået i Sør-India. Ho er ei viktig heilag elv for hinduar.
Narmada | |||
Narbada, Nerbudda, Rewa, marathi, hindi नर्मदा (), gujarati નર્મદા | |||
Elv | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Lengd | 1 289 km | ||
Kjelde | Narmada Kund i Amarkantak i Madhya Pradesh | ||
Munning | Khambhat-bukta i Arabiahavet | ||
- stad | Bharuch-distriktet i Gujarat | ||
Narmada 22°05′N 74°54′E / 22.08°N 74.9°E | |||
Kart ovr Narmada med tilnærma nedslagsfelt i lysegrønt.
| |||
Wikimedia Commons: Narmada River |
Narmada er rundt 1 289 km lang og renn frå aust til vest. Ho er den største vestlegrennande elva i India.[1] Elva har utspring nær toppen av Amarkantak nord i delstaten Madhya Pradesh, ved møtestaden for Vindhya- og Satpurakjeda. Ho renn vestover nesten parallelt med Tapti, mellom Satpurafjella og Vindhyafjella. I Khambhat-bukta nedanfor Surat dannar ho saman med Tapti eit breitt estuar.
I elva lever mellom anna sumpkrokodille[1] og ulike typar karpefisk, mallefisk, Channa, Mastacembelus og Notopterus notopterus.[2]
Religiøs tyding
endreSoger om elva seier at guden Sjiva kalla Narmada ned frå himmelen eller at ho sprang frå kroppen hans medan han dansa den kosmiske dansen.[1] Ifølgje tradisjonen må sjølv den heilage elvegudinna Ganga, i form av ei svart ku, vaska seg rein og kvit i Narmada ein gong i året.[3]
Å sjå Narmada skal reinsa ein hindu frå alle synder.[3] Det finst ei rekkje valfartsstader ved elva. Mahewswar og Omkareshwar er dei viktigaste.[1] I tillegg finst ein tradisjon for å valfarta rundt heile elva, narmadāparikramā.[4] Denne ferda er 260 mil lang og blir utført til fots, med få eigedelar, lite mat og utan pengar. Ein kan byrja og slutta på kva stad, men må heile tida gå med klokka, med elva til høgre for seg, og så nær elva som råd.[5]
Utnytting av elva
endreDei ulike delstatane Narmada renn gjennom, Madhya Pradesh, Gujarat og Maharashtra, har hatt strid om bruken av elva. Dei føderale styresmaktene i India har derfor oppretta eit styringsorgan for fordelinga, Narmada Water Dispute Tribunal. Det er bygd ei rekkje demningar i elva med planar om fleire.[1] Den omstridde Sardar Sarovar-demningen er den største av dei 30 planlagde demningane i Narmada Dam Project.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Narmada» frå Wikipedia på bokmål, og «Narmada River» frå Wikipedia på engelsk den 20. oktober 2013.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Narmada River», ecoindia.com
- ↑ «Reverine Fisheries», agritech.tnau.ac.in
- ↑ 3,0 3,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 15. oktober 2008, henta 27. oktober 2013
- ↑ Jürgen Neuss, Narmadāparikramā - Circumambulation of the Narmadā River Arkivert 2013-09-17 ved Wayback Machine.
- ↑ «Rules of Parikrama» Arkivert 2013-10-29 ved Wayback Machine., narmadayatra.com