Vindhyafjella
Vindhyafjella er ei fjellkjede som ligg sentralt i India og deler det indiske subkontinentet mellom Indus-Gangessletta i nord og Deccan i sør. Fjella strekkjer seg 1 086 km frå Gujarat i vest, gjennom Madhya Pradesh til Uttar Pradesh midt i landet. Fjella har ei høgd på mellom 450 og 1 100 meter, og er opphav til fleire bielver til Ganga-Jamuna. Dei er danna av horisontal sandstein, og har derfor gjerne flate, platåaktige toppar.[1]
Vindhya | |||
Vindhyafjella i Madhya Pradesh under monsuntida.
| |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Statar | Madhya Pradesh, Gujarat, Uttar Pradesh | ||
elv | Narmada | ||
Vindhyafjella 24°37′00″N 82°00′00″E / 24.616666666667°N 82°E | |||
Kart over India som viser plasseringa av Vindhyafjella.
| |||
Wikimedia Commons: Vindhyas |
Vindhya er ei broten og svært gammal fjellkjede. Ho dannar den sørlege enden av Malwaplatået, eit område som er høgare enn Gangessletta i nord og der ein finn byar som Indore, Bhopal og Mandu. Fjella deler seg i to til Kaimur-fjella som går inn i vestlege Bihar, og ei sørlegare kjede som går saman med Satpurafjella i Maikala-kjeda.[1]
I vest, der Vindhyafjella møter Aravallifjella, ligg Ranthambore nasjonalpark. Han husar ein tigerpopulasjon og andre dyr som leopard, villsvin, nilgai, sambar, rhesusape, hulmanlangur og leppebjørn.[2] Saman med Aravalli stenger Vindhya for vind og nedbør frå sør, og området nord og vest for dei er svært tørt. Fjella gjev likevel opphav til fleire elvar, som Narmadaelva i sør og fleire bielvar til Ganges og Jamuna, som Kali Sindh, Parbati, Betwa, Chambal, Ken, Son og Tamsa/Tons.
Vindhyafjella blei omtalte som «Vindius» av den greske oldtidsgeografen Ptolemaios.[1]
Sjå og
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Vindhya Range, britannica.com
- ↑ Ranthambore Tiger Reserve, WWF, wwfindia.org