Opna hovudmenyen

Narve Fulsås (fødd 17. desember 1953) er ein norsk historikar. Han har sidan 1998 vore professor i moderne historie ved Universitetet i Tromsø. Fulsås er spesialist på norsk 1800-talsshistorie, historieteori og nord-norsk historie.

Narve Fulsås
Fødd17. desember 1953
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar, professor, litteraturhistorikar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Fulsås vart cand.philol. i 1983 på ein hovudfagsoppgåve om veksten og nedgangen til nessekongane i Nordland på 1800-talet. Oppgåva vart bygd på studium av arkivmateriale frå handelsmannen K. ZahlKjerringøy. Ein syntese av arbeida hans med nord-norsk, økonomisk historie vart i 1987 publisert i artikkelen Hushaldsøkonomi og kapitalistisk økonomi i Nordland, 1850-1950 i Historisk tidsskrift.

Han tok doktorgrad om Universitetet i Tromsøs historie i 1994. Avhandlinga vart utgjeve som jubileumsboka Universitetet i Tromsø 25 år.

Fulsås har skrive ein historiografisk orientert biografi om Ernst Sars som utkom i 1999 under tittelen Historie og nasjon. I 2003 utgav han Havet, døden og vêret: Kulturell modernisering i Kyst-Noreg 1850-1950. Dette var ein studie om korleis vitskapleg vêrvarsel og teknologi gradvis endra mentaliteten i kystfiskarsamfunna bort frå ein fatalistisk livsholdning der ulykker og skipsforlis ikkje vart forklart rasjonelt. Utviklinga av telegraf, aviser, leseferdigheit, vêrmelding, dekte fartøy, motordrift, og ulykkesforsikring var blant årsakene som blir til brukt å forklare endringa i åtferda til fiskarane.

I forskingsprosjektet Norsk polarhistorie skreiv Fulsås om kva tyding polarekspedisjonane hadde for norsk 1800-talspolitikk og identitet. Han gjekk imot synet (særleg fremja av Tor Bomann-Larsen) at ekspedisjonane var av vesentleg politisk tyding for utviklinga mot unionsoppløysinga i 1905.

Sidan 2003 har Fulsås vore redaktør for åtte av dei 33 binda i Henrik Ibsens skrifter, med ansvaret for kommentert utgjeving av alle Ibsens brev.

PrisarEndra

  • 2000 - Forskingsprisen frå Det historisk-filosofiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. For avhandlinga om Sars.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra