Ne Me Quitte Pas
Song av Jacques Brel
frå albumet La Valse à Mille Temps
Utgjeve 1959
Innspelt 11. september 1959
Lengd 3:52
Selskap Philips Records
Komponist Jacques Brel
Tekstforfattar Jacques Brel
Låtskrivar(ar) Jacques Brel

«Ne me quitte pas» ('Ikkje dra frå meg') er ein fransk song frå 1959 av den belgiske fransktalande visesongaren Jacques Brel. Songen har vorte spelt eit utal gongar på fransk og omsett til mange andre språk. Ein kjend versjon med engelsk tekst av Rod McKuen er «If You Go Away».

Bakgrunn endre

Jacques Brel spelte først inn songen den 11. september 1959 for det fjerde albumet sitt, La Valse à Mille Temps.[1] Songen er publisert av Warner-Chappell Publishing. I 1961 vart ein versjon på nederlandsk gjeven ut på plateselskapet Philips. Denne heitte «Laat me niet alleen» og hadde tekst av Ernst van Altena. B-sida til denne var ein nederlandsk versjon av Marieke.[2] Brel spelte inn ein annan versjon som tittelsporet på albumet hans frå 1972.

Teksten «Moi, je t'offrirai des perles de pluie venues de pays où il ne pleut pas» ('Eg skal gje deg regnperler frå land der det aldri regnar') er sungen over eit tema lånt frå den andre delen, Lassan (Andante), av Ungarsk rapsodi nr. 6 av komponisten Franz Liszt.

«Ne me quitte pas» vart skriven etter at elskarinna til Brel, «Zizou» (Suzanne Gabriello) kasta han ut av livet sitt. Zizou var gravid med barnet til Brel, men Brel nekta å anerkjenne barnet som sitt. Zizou tok som følgje av dette sidan abort.

Songen vert av somme rekna som «den ultimate Brel-klassikaren».[3] Han sa seinare at songen ikkje er ein kjærleikssong men om feigskapen til menn.

Andre versjonar endre

Fransk endre

Arabisk endre

  • 2012:
    • Mashrou' Leila som «لا تتركني هيك- ne me quitte pas», eit indieband frå Libanon spelte songen på konsert i Sveits i 2012.

Armensk endre

  • 1976:
    • Onnik Dinkjian som «Yete Heranas». Spelt inn av Onnik Dinkjian med John Berberian (oud) og andre (alle frå USA) på albumet Inner Feelings of Onnik

Afrikaans endre

  • 1980:
  • 2011:
    • Herman van den Berg-versjonen heiter «Laat my by jou bly» .

Katalansk endre

Kroatisk endre

Tsjekkisk endre

Nederlandsk endre

Engelsk endre

For meir om dette emnet, sjå If You Go Away.

Popstandarden «If You Go Away», med tekst av Rod McKuen, har vorte spelt av mange andre artistar. Songen er òg omsett til engelsk av andre, mellom anna ein versjon av Momus i 1986 og av Black Veils som «Don't Leave Me» i 2009 på albumet Troubadours.

Finsk endre

Frisisk endre

Tysk endre

  • 1976
    • Klaus Hoffmann: «Geh nicht fort von mir» ; «Bitte geh nicht fort» (1997)

Gresk endre

  • 1971:
  • 1979:
  • 1996:
  • 2007:
    • Yiannnis Parios på konsertar
  • 2009:

Hebraisk endre

  • 1974: Dani Granot song «Ana Al Telchi» (אנא אל תלכי), ei omsetjing av Dafna Eilat, på albumet Shkiot Nashim Vechol Hashar.
  • 1992: Yossi Banai: «Al telchi mikan»
  • 2001: Rita og Rami Kleinstein song den same hebraiske versjonen på konsert.
  • 2009: Shlomi Shaban: «Al Telchi Achshav»

Italiensk endre

Polsk endre

Portugisisk endre

  • 1974:
  • 1979:
    • Altemar Dutra (Brasil): «Se Você Partir» – Se Você Partir (Ne Me Quitte Pas) (J.Brel – Romeo Nunes)
  • 1989:
    • Raimundo Fagner (Brasil): «Não Me Deixes» – Não Me Deixes (Ne Me Quitte Pas) (J. Brel – Fausto Nilo)

Russisk endre

  • 1973:
    • Radmila Karaklajić: «Если ты уйдёшь»
  • 1995:
    • Igor Ivanov: «Если ты уйдёшь»
  • 2001:

Slovensk endre

Spansk endre

  • 1997:
    • Sandy Aruba i salsa-versjonen «No Me Dejes Mas»
  • 1977:
  • ?:
    • Matt Monroe: «No me dejes no»
    • Alma Ritano: «No me dejes no»

Svensk endre

Tyrkisk endre

Jiddisk endre

  • 2008:
    • Mendy Cahan: «לאָז מיך נישט אַלײן»

Instrumental endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre