Nes kyrkje i Bjugn
Nes kyrkje er ei langkyrkje i Ørland kommune i Trøndelag fylke. Ho har 350 sitjeplassar.[1] Til grunn for oppføringa nytta ein teikningar utarbeidd av Otinius Forbrægd for Jøssund kyrkje.
Nes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jens Jalmar | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Ørland | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Fosen | ||
Sokn | Nes | ||
Fellesråd | Bjugn | ||
Arkitekt | Otinius Forbrægd (1879) John Tverdahl (1958–59) | ||
Byggmeister | G.O. Olsen | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 18. april 1879 | ||
• Endringar | Rest. 1958–59, 2002–03 | ||
Tårn | I vest | ||
Kor | Rett avslutta | ||
Klokker | 1, L. Rustad (1878) | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Preikestol | Frå 1878; evangelistbilete måla av Paul Størseth 1959 | ||
Døypefont | Av kleberstein (1879) | ||
Altartavle | Birger Andresen (1959) e. John Tverdahl | ||
Orgel | Brødr. Torkildsen (1913) | ||
Sitjeplassar | 350 | ||
Nes kyrkje 63°47′05″N 9°36′14″E / 63.7848°N 9.6039°E | |||
Wikimedia Commons: Nes kyrkje i Trøndelag |
Altartavla er teikna av John Tverdahl og skore av Birger Andresen i 1959. Motivet er oppstoda. I tårnfoten heng to bilete som ein trur er måla av Peder Andersen Lilje for om lag 300 år sidan. Det eine er ovalt og framstiller Jesus i vinpressa. Det andre er rektangulært og skal vere måla i kopi etter Albrecht Dürer sitt bilete «Schmerzensmann». Dette siste har truleg vore brukt i ei altartavle.
Tidlegare kyrkjer i Nes
endreNes har hatt kyrkje sidan før reformasjonen. Dei tidlegare kyrkjene stod på garden Nes (gnr. 10), medan dagens kyrkje står på Berg. Eldste kjende omtale er frå perioden 1520–36.[2] Denne kyrkja vart omfattande vøla på 1600- og 1700-tallet og brann ned til grunnen i 1770. Ei ny kyrkje stod klar i 1774. Denne stod til dagens kyrkje vart teken i bruk. Så vart ho teken ned og frakta til Fyrde i Volda, der ho vart innvigd som Austefjord kapell i 1879.
Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Kjelder
endre- Petter Hjelde, Birger Steiro og Sturla Leth-Olsen (1979). Nes kirkes historie. Utgitt i anledning 100-årsjubileet i 1979. Nes menighetsråd.
- Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Sør-Trøndelag (Riksantikvaren, 2016), s. 59–60
Fotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- «Nes kyrkje i Bjugn». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Nes kyrkje i Bjugn i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Nes kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 250. ISBN 82-75-27022-7.
- Riksantikvaren om den gamle kyrkjestaden