Nesset kommune

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Norge
(Omdirigert frå Nessetgjelding)

Nesset kommune er ein tidlegare norsk kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke som eksisterte frå 1838 til 2020. Kommunen grensa til Rauma i vest, til Gjemnes og Molde i nordvest, til Sunndal i aust og til Lesja i Oppland fylke i sør. I nord grensa han mot Tingvoll kommune på nordsida av Sunndalsfjorden.

Nesset kommune
kommune
Utsikt til Nesset prestegard og Langfjorden frå Grønfjellet i Nesset kommune.
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Eidsvåg
Areal 1 046 km²
 •  land 988 km²
 •  vatn 58 km²
Målform nynorsk
Ordførar Rolf Jonas Hurlen (H)
Kommunenr. 1543
Kart
Nesset kommune
62°39′31″N 8°07′13″E / 62.658611111111°N 8.1202777777778°E / 62.658611111111; 8.1202777777778
Kart som viser Nesset kommune.
Kart som viser Nesset kommune.
Kart som viser Nesset kommune.
Wikimedia Commons: Nesset
Nettstad: www.nesset.kommune.no

Historikk

endre

Nesset kommune blei oppretta ved formannskapslovene av 1837.

1. januar 1890 blei Nesset kommune delt, då Eresfjord og Vistdal kommune blei oppretta som kommune med 2155 innbyggjarar. Gjenverande Nesset kommune hadde då 1706 innbyggjarar.[1]

1. januar 1964 blei Eresfjord og Vistdal kommune igjen slått saman med Nesset kommune. Eresfjord og Vistdal hadde ved samanslåinga 1289 innbyggjarar og dåverande Nesset kommune hadde 2360 innbyggjarar. Til saman fekk den nye Nesset kommune 3649 innbyggjarar.[1]

Nesset blei slegen saman med Molde og Midsund til nye Molde kommune 1. januar 2020.[2]

Kyrkjer

endre

Det var tre kyrkjer i Nesset kommune, Sira kyrkje i Eresfjord, Vistdal kyrkje og Nesset kyrkje i Eidsvåg.

Folketalsutvikling

endre

Folketalsutvikling for noverande Nesset kommune frå 1900:

1900[3] 1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6][7] 1.1.1961[6][7] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
3548 3220 3169 3679 3658 3661 3573 3492 3351 3259 3074

Folk knytte til Nesset kommune

endre

Bilete

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. «Navn på nye kommuner», Regjeringen.no (på norsk), 3. januar 2020, henta 10. januar 2020 
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Nesset 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Eresfjord og Vistdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Nesset kommune
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.