Nestor av Kiev

russisk historikar og skribent

Nestor (ca. 1056–ca. 1114) var ein austslavisk munk og forfattar.

Nestor av Kiev
Prp. Nestor Letopisec Rossiski.png
Fødd 1056
Kyiv
Død

1114 (58 år)
Kyiv

Yrke skribent, historikar, hagiograf, munk, krønikeskrivar
Språk gammalaustslavisk
Nestor av Kiev på Commons

Nestor gjekk inn i Petjerskaklostret i Kiev 1073, der han seinare blei diakon. Han er nemnd i 1091 som ein av dei tre personane som fekk i oppdrag å finna leivningane av Theodosius av Kiev, ein av grunnleggaren av klosteret. Dette er alt ein veit sikkert om han som person.

Nestor er forfattar til stilistisk og sakleg interessante biografiar over Boris og Gleb (utgjevne av Izmail Sreznevskij 1860), sønene til Vladimir av Kiev som blei drepne av broren Sviatopolk og seinare rekna som helgenar, og dessutan over den nemnde Theodosius (utgjeven av Osip Bodjanskij 1858). Han synest å ha vore den som først byrja oppteikna og samla helgenlegendene som seinare danna Petjerskaklosteret sitt «paterikon». Tradisjonen tilskriv han jamvel forfattarskapen til den eldste samlinga av krønikeliknande oppteikningar, den gamle kievske Nestorkrønika eller Povêsti vremennych lêt (Forteljing om tidlege år), etter innleiingsorda. Nyare kritikk har likevel vist at Nestor ikkje kan ha forfatta heile krønika.

KjelderEndra