Opna hovudmenyen

Nesttun stasjon

stasjon på Vossebanen og Nesttun-Osbanen
For stasjonane på Bybanen, sjå Nesttun terminal og Nesttun sentrum haldeplass

Nesttun stasjon, frå 1883 til 1888 Nesttun stoppestad, er ein nedlagd stasjon på Vossabanen og den smalspora Nesttun-Osbanen. Han låg på Nesttun i Fana kommune, no Bergen kommune, og vart opna i 1883 som Nesttun stoppestad på Vossabanen. I 1888 skifta han namn til Nesttun stasjon, og frå 1894 til 1935 var han endestasjon på Nesttun-Osbanen. Nesttun-Osbanen hadde ei sporvidde på 750 mm og kunne ikkje bruke same materiell som Vossabanen, og stasjonen hadde dimed eit omlastingsspor for gods. Stasjonen låg langs strekninga Minde-Midtun på Vossabanen, som vart riven etter at Ulrikstunnelen vart opna i 1964.

Nesttun stasjon
Nestun stasjon 1907.jpg
Stasjonsområde
Stad Nesttun i Fana i Bergen
Distanse 482,54 km. frå Oslo
Høgd 31,4 moh.
Opna 11. juli 1883
Nedlagd 1965, riven i 1981
Arkitekt Balthazar Lange (stasjonsbygget frå 1883)
Paul Due
Linjer og rutedrift
Linje(r) Vossabanen (1983-1964)
Nesttun-Osbanen (1894-1935)
Operatør(ar) NSB (1883-1964, Vossabanen)
Nesttun-Osbanen AS (1894-1935, Nesttun-Osbanen)
Overgang

Stasjonen omfatta tidlegare både stasjonsbygning, kiosk, godshus, priveter, mjølkebod og lasterampe. Området hadde fem spor, der eit av dei var omlastningsspor. Den fyrste stasjonsbygningen vart teikna av Balthazar Lange. Då Vossabanen vart ombygd med bredt spor, vart stasjonsbygningen flytta til Ygre stasjon på Voss. Ein ny og større stasjonsbygning vart så bygd etter teikningane til NSB-arkitekt Paul Due, og vart riven i 1981. Eit godshus og ein mjølkebod står framleis i dag. Både traseen for Vossabanen på og forbi stasjonsområdet, med den gamle steinkvelvbrua over elva på Nesttun, og traseen for Osbanen ut frå stasjonsområdet, er vorte omgjort til gang- og sykkelveg. Det gamle stasjonsområdet vart innsnevra i samband med at vegen gjennom Nesttun vart lagt om for å gje plass til tunnelinnslaget for NesttunhaugtunnelenBybanen som går gjennom Nesttun.

KjelderEndra