Neve Ativ
Neve Ativ (hebraisk נְוֵה אַטִי"ב er ein liten alpeliknande israelsk busetjing (moshav) i Golanhøgdene, som vart grunnlagd i 1972 i fjellsida av Hermon, 2 km vest for Majdal Shams.[1] Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[2]
Neve Ativ | |||
נְוֵה אַטִי"ב | |||
moshav | |||
Region | Golanhøgdene | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Golan | ||
Koordinatar | 33°15′42″N 35°44′28″E / 33.26167°N 35.74111°E | ||
Folketal | 173 (2005) | ||
Grunnlagd | 1972 | ||
Neve Ativ 33°15′42″N 35°44′28″E / 33.261666666667°N 35.741111111111°E | |||
Kart som viser Neve Ativ.
| |||
Wikimedia Commons: Neve Ativ |
Det bur kring 37 familiar i Neve Ativ. Ativ er eit akronym for fire soldatar som mista livet i Golan: Avraham Hameiri, Tuvia Ellinger, Yair Elegarnty og Binyamin Hadad. Neve tyder oase.
Hovudnæringa i moshaven er turisme. Neve Ativ driv Hermon skisenter med 25 km skiløyper i Hermon.[3][4]
Skisenteret vart øydelagd under Jom kippúr-krigen, men var attende i drift året etter.[5] Frank Riley skreiv i Los Angeles Times «Dette er eit fjell og ei oppleving kvar skientusiast bør oppleve minst ein gong i livet.»[6] Skiesesongen varer minst tre månader, vanlegvis frå desember til mars.[7] Ei helg i januar 2000 hadde skisenteret 11 000 vitjande.[8] Seinare den månaden ønskte leiarane i Neve Ativ å gjere skisenteret til eit felles israelsk-syrisk føretak, og la syrarar få lov til å kome til senteret.[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Neve Ativ» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Israel & Dei palestinske territoria, s. 271, Lonely Planet Israel, Michael Kohn, Lonely Planet, 2007, ISBN 1-86450-277-0, ISBN 978-1-86450-277-0, henta 22. februar 2015
- ↑ «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.
- ↑ Sandler, Neil, «AS ISRAELIS DEBATE THE FATE OF THE GOLAN...;...SKIERS AND INVESTORS FLOCK TO ITS SLOPES», 8. august 1994, henta 22. februar 2015
- ↑ Gee, Robert W., «They're not heavenly, but the Holy Land has slopes,» Austin American-Statesman, 10. februar 2002, henta 22. februar 2015
- ↑ «Ski resort back in business,» Arkivert 2012-10-24 ved Wayback Machine. Chicago Tribune, 7. mars 1975, henta 22. februar 2015
- ↑ Riley, Frank, «Skiing Biblical Bashan Near Israel's Historic Treasures,»[daud lenkje] Los Angeles Times, 4. januar 1981, henta 22. februar 2015
- ↑ Kaplan, Janet, «Dive, rappel, cycle, plunge, snuba, soak, hike i Israel,» Jweekly, 10. september 2009, henta 22. februar 2015
- ↑ Rudge, David, «Mt. Hermon swamped by 11 000 visitors,» Arkivert 2012-10-24 ved Wayback Machine. Jerusalem Post, 10. januar 2000, henta 22. februar 2015
- ↑ «Hermon Ski Resort Hopes for Cooperative Management with syriskes,» Arkivert 2012-11-02 ved Wayback Machine. Israel Wire, 20. januar 2000, henta 21. august 2014