Vincebus Eruptum
Studioalbum av Blue Cheer
Språk engelsk
Utgjeve 16. januar 1968
Innspelt 1967
Studio Amigo Studios, Hollywood, California
Sjanger
Lengd 32:08
Selskap Philips
Produsent Abe «Voco» Kesh
Blue Cheer-kronologi 
Vincebus Eruptum Outsideinside
(1968)


Singlar frå Vincebus Eruptum
  1. «Summertime Blues»
    Utgjeve: 1968

Vincebus Eruptum er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Blue Cheer. Det kom ut 16. januar 1968[1][2][3] med ein tung, tornande blues-stil, som seinare skulle bli kjent som heavy metal.

Vincebus Eruptum vart ein kommersiell og kritisk suksess og nådde 11. plassen på albumlista Billboard 200, og nådde 14. plassen med ein coverversjon av Eddie Cochran-songen «Summertime Blues». Som eit døme på hardrock[4] er det òg hylla som eit av dei første heavy metal-albuma. Magasinet Spin magazine plasserte det som nummer 22 på lista si over dei 40 beste metalalbuma.[5][6][7]

Bakgrunn og historie endre

Debutalbumet til Blue Cheer vart spelt inn i 1967 i Amigo Studios i North Hollywood i California.[8] I eit intervju forklarte frontfigur Dickie Peterson at «Nokre av låtane eg har skrive, har det teke 20 år å fullføra. Og så er det andre låtar som 'Doctor Please' eller 'Out of Focus' som eg skreiv på ti minutt.»[9]

Spesielt om «Doctor Please» forklarte Peterson at «då eg skreiv songen (i 1967), var han ei glorifisering av narkotika. Eg tenkte mykje på om eg skulle ta dette stoffet eller ikkje ta dette stoffet. Bla, bla, bla, bla. Det var mykje sjølvransaking på den tida då eg skreiv den songen, og eg bestemde meg faktisk for å ta det. Det var det songen handla om, og det var det eg song om, ein slags narkotikahymne for meg.»[9] Om coverversjonen deira av Eddie Cochran sin «Summartime Blues» sa Peterson: «Me endra heile tida på han og la til og tok bort bitar. Det har òg å gjera med store dosar LSD[10]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [11]
Collector's Guide to Heavy Metal6/10[12]
Pitchfork9.0/10[13]
Rolling Stone(negativ)[14]

Debutalbumet til Blue Cheer har vorte høgt verdsette av kritikarane. Mark Deming, som skreiv for musikknettstaden AllMusic, skildra Vincebus Eruptum som «ei strålande feiring av rock & roll-primitivisme køyrt gjennom nok Marshall-forsterkarar til å gjera ein hær øyredøyvande», og hylla «lyden og raseriet» til bandet som ein av grunnleggjarane av heavy metal.[11] Pitchfork-meldaren Alexander Linhardt gav albumet ni av maksimalt ti poeng, og noterte at albumet var mindre strukturert enn etterfølgjaren Outsideinside. [13] Det har òg av Billboard vorte skildra som «innomgrepet av psykedelisk rock»,[15] medan VH1 kalla det eit «acid rock-meisterverk».[16] Martin Popoff var mindre begeistra i meldinga si og kalla musikken «derivativ» og «svarer til nærare syrevaska, høglydte og slurvete attgjevingar av 60-talsrock» enn heavy metal, og dømde albumet til å vera «eit hylande rot».[12]

Den nettbaserte musikktenesta Rhapsody inkluderte Vincebus Eruptum på lista si over «10 Essential Proto-Metal Albums», og meinte at bandet «ikkje berre inspirerte omgrepet 'power trio', dei oppfann praktisk talt heavy metal.»[17] I 1998 inkluderte The Wire Vincebus Eruptum på lista si over «100 plater som sette verda i brann (medan ingen høyrte etter)», og kalla det eit «banebrytande» album som «snerra rabiat i møte med uskulda til hippiane og snart vart ein Hells Angels-partystompar». Dei noterer òg den sterke innverknaden albumet hadde på japanske støy-trioar på 1990-talet som High Rise og Musica Transonic.[18]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Summertime Blues»Eddie Cochran, Jerry Capehart3:47
2.«Rock Me Baby»B.B. King, Joe Josea4:22
3.«Doctor Please»Dickie Peterson7:53
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«Out of Focus»Peterson3:58
5.«Parchment Farm»Mose Allison5:49
6.«Second Time Around»Peterson6:17
Total lengd:31:54
Bonusspor på ommastring frå 2003
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«All Night Long»Ralph Burns Kellogg2:06
Total lengd:34:00

Medverkande endre

Blue Cheer

Andre medverkande

Ommastra versjon

  • Bill Levenson – produsent
  • Ellen Fitton – ommastring

Kjelder endre

  1. «JAN. 16, 1968: THE RELEASE OF BLUE CHEER'S 'VINCEBUS ERUPTUM'». Arthur Magazine. Joshua Tree. Henta 28. juli 2015. 
  2. «Celebrating the 45th birthday of Blue Cheer's mighty Vincebus Eruptum…». Classic Rock Magazine Facebook Fanpage. Henta 28. juli 2015. 
  3. Woodstra, Chris; Bush, John; Erlewine, Stephen Thomas (2007). All Music Guide Required Listening: Classic Rock. ISBN 9780879309176. 
  4. Various Mojo Magazine (2007). The Mojo Collection: 4th Edition. Canongate Books. s. 137. ISBN 978-1-84767-643-6. 
  5. «The 40 Greatest Metal Albums of All Time». 30. oktober 2019. 
  6. . oktober 2019}}
  7. {Chris Smith (2009). One Hundred and One Albums that Changed Popular Music. Oxford University Press. s. 56. ISBN 978-0-19-537371-4. 
  8. «Blue Cheer - Vincebus Eruptum (Vinyl, LP)». Discogs. Henta 5. juli 2023. 
  9. 9,0 9,1 «Blue Cheer interview, Dickie Peterson». StonerRock.com. Arkivert frå originalen 28. september 2011. Henta 5. juli 2023. 
  10. «Interview with Dickie Peterson of heavy metal hardrock band Blue Cheer». Get Ready to ROCK!. Henta 5. juli 2023. 
  11. 11,0 11,1 Mark Deming. «Vincebus Eruptum > Review». AllMusic. Henta 5. juli 2023. 
  12. 12,0 12,1 Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 52. ISBN 978-1894959025. 
  13. 13,0 13,1 Alexander Linhardt (7. oktober 2003). «Blue Cheer: Vincebus Eruptum / Outsideinside». Pitchfork. Henta 5. juli 2023. 
  14. Michael Geary. «Vincebus Eruptum > Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 6. mars 2013. Henta 24. august 2012. 
  15. Nielsen Business Media, Inc. (2. mars 1968). Billboard. Nielsen Business Media, Inc. s. 52. ISSN 0006-2510. 
  16. McPadden, Mike (17. august 2015). «10 Hard Rock + Heavy Metal Cover Songs Better Than the Original». VH1. Henta 26. mai 2020. 
  17. Justin Farrar (22. juni 2010). «Classic Rock Crate Digger: 10 Essential Proto-Metal Albums». Rhapsody. Arkivert frå originalen 20. september 2012. Henta 5. juli 2023. 
  18. «100 Records That Set the World on Fire (While No One Was Listening)». The Wire (175). September 1998.