New Kid in Town
New Kid in Town Singel av Eagles frå albumet Hotel California | ||
B-side |
«Victim of Love» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. desember 1976 | |
Sjanger | Softrock[1] | |
Lengd | 5:04 (album); 4:49 (singel) | |
Selskap | Asylum | |
Komponist | Glenn Frey, Don Henley, J. D. Souther | |
Tekstforfattar | Glenn Frey, Don Henley, J. D. Souther | |
Låtskrivar(ar) | Don Henley, Glenn Frey, J.D. Souther | |
Produsent | Bill Szymczyk | |
Eagles-kronologi | ||
«Take It to the Limit» (1975) |
New Kid in Town | «Hotel California» (1977)
|
«New Kid in Town» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey og J.D. Souther og spelt inn av Eagles for albumet Hotel California i 1976. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde toppen av singellista i USA og 20. plassen i Storbritannia. Singelversjonen tonar ut tidlegare enn albumversjonen. Den 26. februar 1977 nådde songen toppen av Billboard-lista. Glenn Frey syng solovokal på songen med Don Henley på harmonivokal. Randy Meisner spelar gitarrón mexicano og Joe Walsh elektrisk piano og orgel.[2]
Eagles-biografen Marc Eliot skriv at «New Kid in Town» fangar «ein presis og spektakulær augneblink som alle karar som har kjent smerte, sjalusi, utryggleik, sinne og hjartesorg i den augneblinken han oppdagar at kjærasten likar nokon andre betre og har gått vidare kjenner att.»[3] Han skriv òg at han fangar eit meir abstrakt tema om «den lunefulle karakteren til både musen og massane.»[3]
I plateomslaget til The Very Best Of snakka Don Henley om kva songen tyder:
« | Han handlar om den forbigåande, lunefulle karakteren til kjærleik og romanse. Han handlar òg om den forbigåande karakteren til kjendislivet, særleg innan musikkindustrien. Me sa i hovudsak, 'Sjå her, me veit me er særs heite akkurat no, men me veit òg at nokon kjem til å kome og erstatte oss - både i musikk og kjærleik.'[4] | » |
I 1977 vann Eagles Grammy-prisen for beste stemmearrangement med «New Kid in Town».[5]
På det første soloalbumet til Henley, I Can't Stand Still, refererer han til songen i linja «there's a new kid in town» mot avslutninga av «Johnny Can't Read».
Medverkande
endre- Glenn Frey: solovokal, akustisk gitar
- Don Henley: trommer, perkusjon, korvokal
- Don Felder: sologitar
- Joe Walsh: elektrisk piano, orgel
- Randy Meisner: bassgitar, gitarrón mexicano, korvokal
Lister
endreListe (1976–77) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Top Singles | 1 |
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks | 2 |
Canadian RPM Country Tracks | 12 |
Nederland Top 40 | 9 |
UK | 20 |
U.S. Billboard Hot 100 | 1 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 2 |
U.S. Billboard Hot Country Singlar | 43 |
Årslister
endreListe (1977) | Plassering |
---|---|
Canada[6] | 19 |
U.S. Billboard Hot 100[7] | 59 |
|}
Andre versjonar
endre- Den amerikanske countrysongar Trisha Yearwood song songen i 1993 på albumet Common Thread: The Songs of the Eagles.
- Den svenske dansebandsongaren Kikki Danielsson spelte songen i 2006 på albumet I dag & i morgon.
- Den finske gruppa Cumulus spelte songen i 1977 med den svenske tittelen «En främling i stan».
- Den franske countrysongaren Dick Rivers song songen i 1979 på albumet De Luxe med den franske tittelen «Le dernier d'la classe».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «New Kid in Town» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Masley, Ed (30. september 2014). «10/1: 5 essential Eagles albums- 'Hotel to 'Border'». The Arizona Republic. Henta 23. mai 2015.
- ↑ «Liner Notes - Hotel California (The Eagles)». Glennfreyonline.com. Henta 5. september 2015.
- ↑ 3,0 3,1 Eliot, M. (2004). To the Limit: The Untold Story of the Eagles. Da Capo Press. s. 149. ISBN 9780306813986.
- ↑ The Very Best Of (CD). Eagles. Warner Music Group. 2003. R2 73971.
- ↑ «Past Winners Search: Glen Frey». grammy.com. Henta 5. september 2015.
- ↑ https://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5502a&type=1&interval=50&PHPSESSID=mj1h7sd0es8r4detc23rltt6n6
- ↑ http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1977.htm