Opna hovudmenyen

Nganasansk er eit uralsk språk. Det høyrer til den nordlege greina av dei samojediske språka.

nganasansk
(nganasan)
Klassifisering: Uralsk
 samojedisk
Bruk
Tala i: Russland
Område: Tajmyr
nganasansktalande i alt: 125 (2010)
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: kyrillisk
Språkkodar
ISO 639-3: nio

Nganasansk er eit sterkt utrydningstruga språk. Ved folketeljinga i 2010 vart det tala av 125 menneske av ei befolkning på 862 nganasanar, altså 14,5 % av den etniske gruppa.[1] I 2002 var dei tilsvarande tala 505 naganasansktalande av ei befolkning på 834 (60,6 %). Ved folketeljinga i 1989 vart det registrert 1 096 nganasansktalande (1063 som første- og 33 som andrespråk). Med 1278 nganasanar gav det ein morsmålsprosent på 85,7 %, den høgaste av alle dei nordlege språka i Russland. Dette talet var truleg allereie då alt for høgt, det er ei kjend sak at dei sovjetiske byråkratane ikkje tok turen ut på Tajmyrhalvøya for å undersøke dei reelle språkforholda. Nganasansk eit truga språk, og berre få barn lærer det som førstespråk. Det vert tala av nganasanane på Tajmyrhalvøya, i det tidlegare tajmyrske autonome distriktet i Krasnojarsk kraj.

HistorieEndra

Bokstavar og lydarEndra

Nganasansk skil seg frå nesten alle andre sovjetiske språk ved at det ikkje fekk ei offisiell rettskriving på 1930-talet. Det har likevel komme ut nokre grammatikkar over nganasansk, skrive med det kyrilliske alfabetet.

GrammatikkEndra

Nganasansk har ni vokalar, distribuert omtrent på same måten som dei norske vokalane, og 20 konsonantar. Eit sentralt drag i nganasansk fonologi er palatalisering, seks av dei dentale konsonantane har ein palatal variant (unntaket er /r/). Nganasansk har stadieveksling. Nganasansk har tre personar og tre tal.

FotnotarEndra

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

LitteraturEndra

  • Жовницкая-Турдагина С. Н. Ня’’ букварь. СПб., 1999.
  • Костеркина и др. 2001 — Н. Т. Костеркина, А. Ч. Момде, Т. Ю. Жданова. Нганасанско-русский, русско-нганасанский словарь. СПб. Просвещение. 2001.
  • Прокофьев Г. Н. Нганасанский (тавгийский) диалект // Языки и письменность народов Севера. Ч. 1. М.-Л., 1937.
  • Терещенко 1982 — Н. М. Терещенко. Ненецко-русский, русско-ненецкий словарь. Л. Просвещение. 1982.
  • Экспедиционные материалы 2003 — Образцы текстов на лесном диалекте ненецкого языка Языки коренных народов Сибири. Экспедиционные материалы вып. 7, ч. 2. Новосибирск. 2003.
  • Janhunen 1977 — Juha Janhunen. Samojedischer Wortschatz (gemeinsamojedisher Etymologien). Helsinki: Castrenianum Toimitteita. 1977.