Nišava

elv i Bulgaria og Serbia

Nišava eller Nisjava (bulgarsk og serbisk kyrillisk: Нишава) er ei elv i Bulgaria og Serbia, og ei av dei høgre sideelvane til Južna Morava med ei lengd på 218 km.

Nišava
elv
Sićevojuvet, aust i Serbia
Land  Bulgaria,  Serbia
Nedslagsfelt 3 950 km²
Lengd 218 km
Middelvassføring Ved munningen: 36 /s
Kjelde Balkanfjella i Bulgaria
Munning Južna Morava, vest for Niš i Serbia
Kart
Nišava
43°10′23″N 23°03′42″E / 43.173055555556°N 23.061666666667°E / 43.173055555556; 23.061666666667
Wikimedia Commons: Nišava

Nišava har utspring vest i Bulgaria i Balkanfjella nær landsbyen Gintsi. Kjelda ligg nær grensa til Serbia, og etter berre 67 km kryssar ho grensa. Sidan ho renn gjennom Gintsi vert den øvre delen av elva kalla Ginska. Ho kryssar grensa ved Kalotina, ein stor grenseovergong mellom Bulgaria og Serbia, før ho held fram vestover i Serbia. I Serbia renn elva gjennom Dimitrovgrad, Pirot, Bela Palanka, Niška Banja og Niš, den tredje største byen i Serbia. Elva munnar ut i Južna Morava 10 km nedanfor byen, men sidan Niš er i rask vekst har byen snart nådd munningen.

Etter at Serbia vart delt inn i distrikt i 1992 vart distriktet Nišava kalla opp etter elva.

Elva er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet, og har eit nedslagsfelt som dekkjer 3 950 km² (1 237 km² i Bulgaria og 2 713 km² i Serbia). Nišava er ikkje framkommeleg. Ho har mange mindre sideelvar, som Temštica-Visočica og Jerma, Crvena og Kutinska.

Nišavadalen var i antikken ein del av ei større rute mellom Europa og Asia. Ruta følgde dalane til elvane Morava, Nišava og Maritsa, og vidare mot Istanbul. Både vegen og jarnbanen mellom Beograd, Sofia og Istanbul følgjer i dag den same ruta.

Sićevojuvet endre

I den serbiske delen av elva dannar Nišava fleire bratte dalar og juv. Det mest markante er Sićevojuvet (Sićevačka klisura; kyrillisk: Сићевачка клисура) mellom Bela Palanka og Niška Banja. Elva er ganske strid i juvet, og det er bygd to kraftstasjonar her for å utnytte dette. Juvet er 17 km langt, 350-400 meter djupt, og i enkelte delar har det vorte utvikla canyon-liknande strukturar.

Kjelder endre

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6