Nicola Berti

italiensk fotballspelar

Nicola Berti (fødd 14. april 1967) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Salsomaggiore Terme ved Parma. Han vann VM-sølv 1994 og VM-bronse 1990 for Italia og vart seriemeister 1989 og tofaldig UEFA-cupvinnar med FC Inter.

Nicola Berti
Statsborgarskap Italia
Fødd 14. april 1967 (56 år)
Salsomaggiore Terme
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1994, VM i fotball 1990

Utmerkingar

ridder av Republikken Italias fortjenstorden

Klubbspel endre

Berti markerte seg på Serie B-laget Parma FC i 1984/85-sesongen og vart omgåande overført til AC Fiorentina i Serie A. Frå sommaren 1988 var han midtbanespelar i det legendariske Inter-mannskapet til trenar Giovanni Trappatoni som i 1989 vart nasjonale seriemeistrar. Seinare var han med om å vinne UEFA-cupen i 1991 og 1994, medan det vart finaletap i same turneringa i 1997. Både i 1991 og 1994 skåra Berti finalemål. Gjennom eit lite tiår fekk han spele på lag med karar som Walter Zenga, Giuseppe Bergomi, Andreas Brehme, Lothar Matthäus, Jürgen Klinsmann, Youri Djorkaeff, Diego Simeone og Ronaldo. Frå januar 1998 til 2000 gjorde Berti teneste i engelske Tottenham Hotspur, spanske Alavés og eit australsk klubblag.

Landslagsspel endre

Berti deltok i 39 landskampar i perioden 1988-95 og skåra tre mål. Han debuterte då Italia slo Noreg 2-1 i ein vennskapskamp i Pescara 19. oktober 1988. Sidan var han med i VM i fotball 1990 på heimebane og VM 1994 i USA. I 1990 var han innbytar i bronsefinalen mot England, ein kamp der han skåra til 3-1 på tampen av andre omgang. Men målet vart feilaktig underkjent. Under Fotball-VM 1994 deltok han i alle kampane og spelte full tid mot Noreg i gruppekampen som enda med siger 1-0, sameleis den mållause finalekampen der Brasil gjekk ut som verdsmeister.

Kjelder endre