Niels Andreas Thrap

norsk politikar

Niels Andreas Thrap (2. oktober 17939. november 1856) var ein norsk jurist, stortingsrepresentant og statsråd.

Niels Andreas Thrap

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. oktober 1793
Død

9. november 1856 (63 år)
Oslo

Yrke politikar
Språk norsk

Thrap var fødd i Hornnes, far hans var sorenskrivar. Sjølv vart han student frå Roskilde skole i Danmark i 1811, og cand. jur. i Kristiania i 1815. Dei neste tre åra var han tilsett i justisdepartementet. Frå 1818 var han overrettsprokurator, og i tillegg auditør i marinen frå 1823. År 1828 vart han ekspedisjonssekretær i finansdepartementet. Frå 1831 var han byfut og notarius publicus i Christiania.

Thrap representerte Christiania på Stortinget i 1833. Han var då sekretær i Odelstinget og i bankkomiteen, elles medlem av komiteen om bygningsvesenet i Christiania, og om kjøpstadskatten. Han var på tale som stortingsreprsentant ved fleire høve, på ulike valting hamna han fleire gongar på varamannsplass, han var 1. varamann både i 1839, 1842 og 1848.

Thrap var konstituert finansminister i drygt to månader i 1852 og fire månader i 1854. Han styrte marinedepartementet eit halvt års tid 1852–53.

Han døydde i Kristiania 1856.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914