Nikolaj Bobrikov

russisk politikar

Nikolaj Ivanovitsj Bobrikov (15. januar 18394. juni 1904) var ein russisk embetsmann, offiser og generalguvernør i Storfyrstedømet Finland frå 1898. Han var Nikolaj II sin representant i Finland, og hadde som oppgåve å russifisere landet.[1]

Nikolaj Bobrikov

Fødd15. januar 1839
FødestadStrelna
Død17. juni 1904
DødsstadHelsingfors
Ranggeneral
KonfliktarDen russisk-tyrkiske krigen 1877-1878

Livssoge

endre

Tidleg karriere

endre

Bobrikov vart fødd 15. januar (27. januar etter den gregorianske kalenderen) 1839, faren var militærlækjar. I 1858 vart han offiser og gjekk igjennom det russiske generalstabsakademiet. I 1865 vart han utnemnd til kaptein ved generalstaben og tenestegjorde i ettertid ein lengre periode i St. Peterburgs militærdistrikt.

Han avanserte til oberst i 1869 og generalmajor i 1878. I 1884 vart han generalløytnant og stabssjef ved gardetroppane i Peterburgs militærdistrikt. I 1897 vart han forfremma til general av infanteriet. Eitt år seinare vart han utnemnd til generalguvernør i i Storfyrstedømet Finland, og øvste kommandant for troppane i det finlandske militærdistrikt.

Generalguvernør for Storfyrstedømet Finland

endre

I helsningstalen til dei finske myndigheitene i Helsingfors heldt han fram som sitt program å arbeide for å betre tilknytinga mellom Finland og Russland. Oppgåva hans som generalguvernør gjekk ut på å russifisere Finland, tvangsinnføre russisk språk i administrasjon og skulevesen, attåt å integrere landet i riket, noko som stod i strid med Finlands grunnlov. Desse tiltaka vart sett i verk av det illgjetne «Februarmanifestet». I manifestet erklærte tsaren at lovene i imperiet stod høgare enn fyrstedømets eigne lover, at ytringsfridomen vart innskrenka, organisasjonsfridomen oppheva, og at russisk vart einerådande i embetsverket. Russisk fekk også ein større plass som finsk skulefag. I 1903 fekk Bobrikov diktatoriske fullmakter av tsaren, som han utnytta til fulle i sitt embete.

Attentatet på Bobrikov

endre

16. juni 1904 vart Bobrikov skoten ned av den unge patriotiske finnen Eugen Schauman, som var misnøgd med den undertrykkjande politikken hans. Schauman skaut først Bobrikov tre gongar, for så å skyte seg sjølv to gongar. Bobrikov døydde dagen etter, 17. juni (4. juni i den julianske kalenderen).[1]

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Aittokoski, Heikki (15. juni 2004). «Finland shaken 100 years ago by murder of Governor-General Bobrikov» (på engelsk). Helsingin Sanomat. Henta 23. mai 2009.