Nilåbor
Nilåbor
Nilåbor
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Percoidei
Familie: Latidae
Slekt: Lates
Art: Nilåbor L. niloticus
Vitskapleg namn
Lates niloticus

Nilåbor (Lates niloticus) er ein stor ferskvassfisk frå Afrika som høyrer til nilåborfamilien. Han kan bli nesten to meter lang og 200 kg tung.

Skildring endre

Fisken er sylvfarga med eit blått skin. Han har karakteristiske svarte auge med ein klar gul ring rundt. Arten er ein av dei største ferskvassfiskane, og kan bli opptil to meter lang og 200 kg tung.[1]

Nilåbor er ein fisk som veks rakst, og blir kjønnsmogen når han er tre til fire år gammal. Hofiskar kan gyta 1-12 millionar egg. Desse klekkar raskt, og yngelen lever av dyreplankton i pelagiske område. Større fiskar held seg nærare stranda, der dei lever dei fyrste åra av livet. Vaksne dyr trekker så tilbake til den pelagiske sona. Mellomstore individ på 20–75 centimeter kan eta fisk, reker og botndyr. Dei største fiskane lever berre av annan fisk.[2]

Menneske og økosystem endre

 
Fanga nilåbor ved sida av ein mann

Nilåbor har vore ein ettertrakta matfisk i lang tid. Både egyptarane og romarane heldt arten i dammar. I Tsjadsjøen har ein lenge drive fiske etter arten.[2]

På 1950-talet blei fisken innført til Victoriasjøen for å erstatta synkande bestandar av lokale matfiskar.[3] På 1980-talet voks denne bestanden kraftig.[1] Dette fekk katastrofale følgjer for den lokale fiskefaunaen. Nilåboren er ein rovfisk, og utrydda fleire hundre arter av ciklidar som var stadeigne for denne sjøen.[2] Dette er blitt kalla den største masseutryddinga av virveldyr i moderne tid. Liknande kollapsar av lokal fisk etter innføring av nilåbor har også funne stad i andre sjøar i området, som i Kyoga- og Nabugabosjøen.[3]

Utsettinga av nilåbor fekk òg store følgjer for samfunna rundt sjøen i Uganda, Tanzania og Kenya. Det har utvikla seg ein stor eksportindustri, der det i 2003 blei eksportert nilåbor til EU for 169 millionar euro. Fisken var blitt for dyr til at lokale folk hadde råd til å eta han, og ujamn fordeling av inntektene har ført til sosial uro. Sterk beskatting av nilåbor har ført til at bestanden har gått tilbake i Victoriasjøen, og nokre av dei lokale artane har teke seg opp att.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Kaufman, Les (1992). «Catastrophic Change in Species-Rich Freshwater Ecosystems: The lessons of Lake Victoria». BioScience 42 (11): 846–858. JSTOR 1312084. doi:10.2307/1312084. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Vøllestad, Asbjørn (10. april 2020). «nilabbor». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. 3,0 3,1 3,2 Chrétien, Emmanuelle; Chapman, Lauren J. (15. desember 2016). «Tropical fish in a warming world: thermal tolerance of Nile perch Lates niloticus (L.) in Lake Nabugabo, Uganda». Conservation Physiology 4 (1). ISSN 2051-1434. PMC 5156894. PMID 27990290. doi:10.1093/conphys/cow062. 

Bakgrunnsstoff endre