Opna hovudmenyen

Nils Frederik Julius Aars (9. mars 180711. juli 1865) var ein norsk prest og stortingsmann frå Enebakk i Akershus. Jens Aars var far hans.

Nils Frederik Aars
Fødd9. mars 1807
Enebakk
Død11. juni 1865
Lom
Statsborgar avNoreg
Yrkesokneprest
FarJens Aars
BarnSophus Christian Munk Aars, Elise Aubert

Aars vart student frå Drammens skole i 1827 og cand. theol. i 1832. Same året vart han personalkapellan hos faren i Lier, to år seinare residerande kapellan i prestegjeldet. Tida 1845-51 var han sokneprest i Alta og Talvik og frå 1851 var han sokneprest i Lom kommune.

Aars representerte Finmarkens amtStortinget i 1848 og 1851. Han var i 1848 medlem av kyrkjekomite nr 1 og i 1851 av Lagtinget og militærkomite nr 2.

Han døydde i Lom i 1865.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914