Nils Bertil Täpp (27. oktober 191723. oktober 2000) var en svensk langrennar frå Malung. Han vart olympisk meister 1948 og verdsmeister 1950 med svenske lag i 4 x 10 km stafett, og fekk OL-bronse i same øvinga i 1952.

Nils Täpp


Statsborgarskap Sverige
Fødd 27. oktober 1917
Malung
Død

23. oktober 2000 (82 år)
Malung

Idrett langrenn
Tok del i

cross-country skiing at the 1948 Winter Olympics – men's 4 × 10 km relay, cross-country skiing at the 1952 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay

Täpp vart svensk mester på 15 km i 1946. Under dei olympiske leikane 1948 i St. Moritz gjekk han den andre etappen for Sveriges suverene stafettlag, eit lag som vann med nær minuttars margin og elles bestod av Nils Östensson, Gunnar Eriksson og ankermann Martin Lundström. Seinare i OL-sesongen vart Täpp nummer to etter Lundström på 18 km i Holmenkollen.

Under Ski-VM 1950 i Lake Placid i USA tok Täpp seg av startetappen då Sverige på ny vann stafett-gullet i meisterskapen. Dei andre på laget var Karl-Erik Åström, Martin Lundström og Enar Josefsson. Individuelt vart Täpp nummer 11 på 18-kilometeren. Heime i Sverige vart han nummer tre på 18 km i Svenska skidspelen. Vinteren 1951 kneip han andreplassen på 18 km framfor Nils Karlsson under Svenska skispelen i Sundsvall, slått med 15 sekundar av vinnaren, Tapio Mäkelä frå Finland.

vinterleikane 1952 fann stad i Oslo, vart Täpp sjuandemann på 18 km, to minuttar bak vinnaren Hallgeir Brenden. Fem dagar seinare fekk han ein bronsemedalje med det svenske mannskapet i stafett.

Kjelder endre