Nils Holger Östensson (29. april 191824. juli 1949) var ein svensk langrennsløpar som vart olympiameister med Sverige i 4 x 10 km stafett og tok sølvmedaljen på 18 km under OL 1948 i St. Moritz. Östensson tevla for Sälens IF.

Nils Östensson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 29. april 1918
Malung-Sälens kommun
Død

24. juli 1949 (31 år)
Malung-Sälens kommun

Idrett langrenn, militært patruljeløp
Tok del i

cross-country skiing at the 1948 Winter Olympics – men's 18 km, cross-country skiing at the 1948 Winter Olympics – men's 4 × 10 km relay

Under Vinter-OL 1948 i St. Moritz var dei svenske langrennarane overlegne konkurrentane. På den innleiande 18-kilometeren tok dei heim alle medaljane; Martin Lundström vart olympiameister 32 sekund føre Östensson, medan Gunnar Eriksson kapra bronsen. På 4 x 10 km stafett gjekk Östensson startetappen for Sverige og veksla nesten to minuttar føre Finlands mann på andreplass. Nils Täpp, Eriksson og Lundström berre auka forspranget på sine respektive etappar, så til sist skilde det 8.58 minuttar mellom Sverige og sølvkvartetten frå Finland.

Seinare i 1948 vann kom Östensson på tredjeplassen på 18 km i Holmenkollen, eitt sekund bak Täpp; Lundström sigra som i OL-tevlinga. I 1949-sesongen deltok Östensson i Holmenkollrenna på nytt og vann like godt både 18 km og 50 km.

Han omkom i ei motorsykkelulukke i 1949 på vegen mellom Lima og Torsby, 31 år gammal. Östensson var då på veg heim til Transtrand frå kraftverksarbeid i Värmland.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre