Songen The Man Who Sold the World

The Man Who Sold the World
Song av David Bowie
frå albumet The Man Who Sold the World
Utgjeve 4. november 1970 (USA)
April 1971 (UK)
Innspelt Trident og Advision Studios, London
18. april - 22. mai 1970
Sjanger Glamrock, psykedelisk rock, kunstrock
Lengd 3:55
Selskap Mercury Records
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Visconti

«The Man Who Sold the World» er ein song av David Bowie. Songen er tittelsporet på det tredje studioalbumet hans, gjeven ut i USA i november 1970 og i Storbritannia i april 1971. Songen har vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Lulu, som nådde tredjeplassen i Storbritannia med songen i 1974 og Nirvana som spelte songen i 1993 for MTV Unplugged og introduserte songen for eit nytt publikum.

Songen vart omarbeidd av Bowie med ei kraftig basslinje, güiro som perkusjon og ein langt mørkare stemning for konsertane hans i 1995 og 1997, mellom anna på MTV Europe Music Awards i 1995. Bowie gjekk attende til å spele originalversjonen igjen i 2000-åra.

Inspirasjon og forklaring endre

We passed upon the stair, we spoke of was and when
Although I wasn't there, he said I was his friend
Which came as some surprise I spoke into his eyes
I thought you died alone, a long long time ago

David Bowie (1970)

Songen var den siste som vart skriven og innspelt for albumet

Tittelen på songen liknar på tittelen til science fiction-romanen av Robert A. Heinlein frå 1949, The Man Who Sold the Moon, som Bowie kjende til.[1] Songen har ingen likskapar med soga i boka. Personen i songen møter ein slags dobbeltgjengar, som er indikert i det andre refrenget der «I never lost control» er byta ut med «We never lost control».[2] Utanom dette er episoden ikkje forklart, som James E. Perone skreiv: Bowie møter hovudrolla i songen, men det er ikkje klart kva dette uttrykket tyder, eller kven eksakt denne mannen er. Hovudsaka med songen er at han måler - rettnok på ein flyktig måte - hovudrolla som nok eit døme på utskot i samfunnet, som det finst fleire av på albumet.[3]

Som med mange av songane på albumet er temaet i songen samanlikna med grøsser-fantasy-verka til H.P. Lovecraft.[4] Tekstane vert òg sagt å reflektere uroa Bowie hadde for spalta personlegdom, og vert trudd å vere delvis inspirert av diktet «Antigonish» av William Hughes Mearns:[5]

« Last night I saw upon the stair

A little man who wasn’t there
He wasn’t there again today
Oh, how I wish he’d go away…

»

I BBC Radio 1-programmet «ChangesNowBowie», som vart sendt 8. januar 1997, vart Bowie intervjua av Mary Anne Hobbs og vart spurt om songen. Bowie sa «Eg trur eg skreiv han fordi det var ein del av meg sjølv eg leitte etter. Kanskje no som eg føler meg meir komfortable med korleis eg lever og den mentale tilstanden min (ler) og den andelege tilstanden min eller kva det no er, kanskje eg føler at det på eit vis stemmer overeins no. For meg har songen alltid vore eit døme på korleis ein kjenner seg når ein er ung, når du veit at det er ein del av deg sjølv du ikkje har funne ut av enno. Du må ut på denne store leitinga, denne trongen til å finne ut kven du verkeleg er».[6]

Innspeling og komposisjon endre

Den siste dagen albumet vart miksa, hadde Bowie enno ikkje kome opp med tekst til songen. Visconti hugsa korleis han sat og venta ved miksebordet, medan Bowie sat i resepsjonen i Advision Studios og skreiv teksten. Bowie sprang så inn i studio, spelte inn vokalen og songen vart miksa i løpet av få timar, før lydbandet vart sendt av stad same kvelden. Dette vart òg tittelen på albumet, som tidlegare hadde meint å bli Metrobolis.[7]

Arrangementa til Mick Ronson og Visconti, som med språket til Bowie, hadde vore tungt, mørkt og krampaktig gjennom det meste av plata, men på «The Man Who Sold The World» er alt mykje enklare og reinare. Opningsriffet på gitaren til Ronson er såpass enkelt at gitarlærarar nyttar det for å lære nybyrjarar. Riffet går gjennom heile songen. Forfattaren Chet Williamson skreiv om songen: «Melodien i riffet endrar seg ikkje. Det verkar å ikkje følgje noko toneart og står aleine, tilpassar seg sjølv til mørkret av d-moll, lyset i F og den forbigåande karakteren til A.» Refrenget er enno enklare. Visconti på bass, så Ronson, så Ralph Mace (eller Visconti) på klaver, alle følgje same vegen og spelar berre enkle skalaer.[7]

Før Nirvana førte «The Man Who Sold the World» ut til dei store MTV-massane i 1990-åra, hadde Bowie berre vitja songen på ny to gonger. I 1973 produserte han og spelte på Lulu sin versjon av songen. Den andre gongen var då Bowie framførte songen i Saturday Night Live. MTV spelte Nirvana-konserten om att og om att i 1994 og mange ungdomar trudde at det var ein Nirvana-song, slik at Bowie stod i fare for å bli skulda for å covre ein av sine eigne songar, om han skulle hente songen fram att. Eit år seinare gjorde nettopp Bowie dette, men han snudde songen på hovudet. Han fjerna alt som var kjend med songen (vokalmelodien, gitarriffet, skalaene i refrenget) og hadde berre att teksten, over ein minimalistisk elektronisk rytme. Han song songen roleg og trist.

I 2000 spelte Bowie songen med det tradisjonelle arrangementet for BBC, og på turneen i 2003-2004 var songen fast på konsertane hans.

Andre utgjevingar endre

  • Eit konsertopptak frå BBC Radio Theatre i London, den 27. juni 2000 vart gjeven ut på bonusplata som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb i 2000.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Lulu endre

The Man Who Sold the World
Singel av Lulu
B-side

«Watch That Man»

Språk engelsk
Utgjeve 11. januar 1974
Innspelt Juli 1973
Sjanger Glamrock
Selskap Polydor
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Mick Ronson
Lulu-kronologi 
The Man Who Sold the World «The Man with the Golden Gun»
(1974)


Songen vart spelt inn av den skotske songaren Lulu i 1974, som spelte han i ein «sjuskete, nesten Berlin-kabaret-aktig stil».[8] Han vart gjeven ut som singel den 11. januar 1974 og nådde tredjeplassen i Storbritannia. Lulu har fortalt at Bowie inviterte ho til ein konsert han gav, og møtte ho på hotellrommet seinare og sa «Eg vil lage ei jævel av ei plate med deg, fordi du er ein bra songar» Lulu har så fortalt at ho ikkje trudde det kom til å skje, men at Bowie tok kontakt to dagar seinare. «Eg syns han var überkul på den tida og eg ønskte berre å følgje han. Eg elska alt han gjorde. Eg syns ikkje 'Man Who Sold the World' var den beste songen for stemma mi, men det var ein sterk song i seg sjølv. Eg anar ikkje kva han handla om. I studioet bad Bowie meg røykje fleire sigarettar for å få ein viss kvalitet i stemma mi»[9] Bowie produserte denne versjonen i lag med Mick Ronson under innspelinga av Pin Ups og spelte òg gitar, saksofon og song korvokal på versjonen. Resten av bandet bestod av Ronson på gitar, Trevor Bolderbass, Mike Garsonpiano og Aynsley Dunbartrommer.[10]

Lulu-singelen kom ut 11. januar 1974 og vart septl av Lulu på Top of the Pops den 10. januar 1974. Songen klatra heilt til tredjeplassen på den britiske singellista.

Listeplasseringar
Liste (1974) Plassering
Belgia (Ultratop)[11] 24
Nederland[11] 10
Irish Singles Chart[12] 8
UK Singles Chart (Official Chart Company)[13] 3

Medverkande endre


Richard Barone endre

Songen vart spelt av den amerikanske songaren Richard Barone i 1987 for kammerpop-albumet Cool Blue Halo. Han nytta cello, akustisk gitar og symfonisk perkusjon.

Nirvana endre

I dagboka si rangerte Kurt Cobain frå den amerikanske grungegruppa Nirvana albumet The Man Who Sold the World på 45. plass på lista si over dei 50 favorittalbuma hans.[14] Ei konsertopptak av songen vart spelt inn av bandet i 1993 under MTV Unplugged-framferda deira, og gjeven ut på MTV Unplugged in New York same året. Songen vart òg gjeven ut som singel for albumet og vart mykje spelt på radio. Musikkvideoen vart òg mykje vist på stasjonar som MTV. Nirvana spelte songen ofte på konsertane sine sidan, fram til Cobain døydde i 1994.

Etter denne versjonen kom ut jamra Bowie seg over at når han sjølv spelte songen så møtte han etterpå «ungdom som kjem opp til meg og seier, 'det er kult at du spelar ein Nirvana-song'. Og eg tenkjer, 'dra til hel... din vesle drit.»[15]

Listeplasseringar
Liste (1995) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[16] 40
Canada Top Singles (RPM)[17] 22
Fransk radio[18] 34
US Alternative Songs (Billboard)[19] 6
US Mainstream Rock (Billboard)[20] 12
US Radio Songs (Billboard)[21] 39
Liste (2012) Plassering
UK Rock and Metal 13
Chart (2013) Position
Frankrike (SNEP)[22] 149

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. King, Maureen, "Future Legends: David Bowie and Science Fiction", in Morrison, Michael A. (ed.) (1997). Trajectories of the Fantastic: Selected Essays from the Fourteenth International Conference on the Fantastic in the Arts. Westport, CT: Greenwood. s. 131.  The Man Who Sold the Moon er òg tittelen på ei novellesamling av Heinlein. I 1975 fortalte Bowie ein journalist at han hadde fått tak i filmrettane til til ein annan roman av Heinlein, Stranger in a Strange Land, og ønskte å skrive filmmusikken og spele rolla som Valentine Michael Smith. Sidan den gong har Bowie sagt at han har lese romanen, men aldri tenkt å lage filmen.(sjå Campbell, Virginia, "Bowie at the Bijou", i Movieline, april 1992, s. 35).
  2. King, Maureen, "Future Legends: David Bowie and Science Fiction", i Morrison, Michael A. (ed.) (1997). Trajectories of the Fantastic: Selected Essays from the Fourteenth International Conference on the Fantastic in the Arts. Westport, CT: Greenwood. s. 131. 
  3. Perone, James E. (2007). The Words and Music of David Bowie. Westport, CT: Praeger. s. 15–6. 
  4. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s. 38.
  5. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.100; Allmusic review. allmusic.com. Henta 1. mai 2011.
  6. Wallace, Grant (27 June 1999). «ChangesNowBowie Transcript - Radio 1». Arkivert frå originalen 2. september 2016. Henta 20. januar 2016. 
  7. 7,0 7,1 Chris O’Leary. «The Man Who Sold the World». Pushing Ahead of the Dame. Henta 20. januar 2016. 
  8. David Buckley (1999). Op. cit: s. 196.
  9. Spitz, Marc (2009). Bowie: a Biography (1st US utg.). New York: Crown Publishing Group. s. 228. ISBN 978-0-307-39396-8. 
  10. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Op. cit.: s. 118.
  11. 11,0 11,1 Lulu - The Man Who Sold the World - peak chart positions dutchcharts.com. Henta 20. januar 2016.
  12. Lulu - Irish Singles Chart peak positions irishcharts.ie. Henta 20. januar 2016.
  13. Lulu - UK Singles Chart peak positions officialcharts.com. Henta 20. januar 2016.
  14. Kurt's Journals - His Top 50 Albums. www.nirvanaclub.com. Henta 1. mai 2011.
  15. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s. 138-139.
  16. "Ultratop.be – Nirvana – The Man Who Sold the World" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  17. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 20. januar 2016.
  18. «InfoDisc : Accès direct à ces Artistes (The user has to do an artist search for "Nirvana")». Infodisc.fr. Henta 20. januar 2016. 
  19. "Nirvana Album & Song Chart History" Billboard Alternative Songs for Nirvana. Prometheus Global Media.
  20. "Nirvana Chart History (Mainstream Rock)". Billboard.
  21. "Nirvana Album & Song Chart History" Billboard Radio Songs for Nirvana. Prometheus Global Media.
  22. "Lescharts.com – Nirvana – The Man Who Sold the World" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.

Bakgrunnsstoff endre