Ouvrez le Chien (Live Dallas 95)
konsertalbum av David Bowie
(Omdirigert frå Ouvre le Chien (Live Dallas 95))
Ouvrez le Chien (Live Dallas 95) Konsertalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. juli 2020 | |
Innspelt | 13. oktober 1995 | |
Spelestad | Starplex Amphitheater i Dallas i Texas i USA | |
Sjanger | Rock | |
Selskap | Parlophone | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
I'm Only Dancing (The Soul Tour 74) (2020) |
Ouvrez le Chien (Live Dallas 95) | No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020)
|
Ouvrez le Chien (Live Dallas 95) er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie med opptak frå oktober 1995, gjeve ut i juli 2020.
Opptaket dokumenterte ein av konsertane under Outside-turneen, den 13. oktober 1995 på Starplex Amphitheater i Dallas i Texas. Albumet kom ut på digitale plattformer i juli 2020[1] og på CD- og vinyl 30. oktober 2020.[2] Den digitale utgåva inneheld òg to konsertopptak frå konserten i Birmingham frå same konserten.[3] Ouvrez le Chien nådde 32. plassen på den britiske albumlista.[4] Albumet var ein del av ein plateboks på seks plater kalla Brilliant Live Adventures.[5]
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Look Back in Anger» | 4:36 |
2. | «The Hearts Filthy Lesson» | 5:15 |
3. | «The Voyeur of Utter Destruction (As Beauty)» | 5:22 |
4. | «I Have Not Been to Oxford Town» | 4:27 |
5. | «Outside» | 4:34 |
6. | «Andy Warhol» | 3:39 |
7. | «Breaking Glass» | 3:42 |
8. | «The Man Who Sold the World» | 3:41 |
9. | «We Prick You» | 4:19 |
10. | «I’m Deranged» | 6:18 |
11. | «Joe the Lion» | 3:58 |
12. | «Nite Flights» | 6:28 |
13. | «Under Pressure» | 4:06 |
14. | «Teenage Wildlife» | 7:01 |
15. | «Moonage Daydream» (spelt inn i Birmingham i England (berre streaming)) | 5:28 |
16. | «Under Pressure» (spelt inn i Birmingham i England (berre streaming)) | 4:07 |
Medverkande
endre- David Bowie – vokal
- Reeves Gabrels – gitar
- Carlos Alomar – gitar, korvokal
- Gail Ann Dorsey – bassgitar, vokal
- Zack Alford[6] – trommer
- Mike Garson – piano
- Peter Schwartz – synthesizer, musikalsk leiar
- George Simms – korvokal, klaverinstrument
Kjelder
endre- ↑ «Ouvrez Le Chien streaming next week». 25. juni 2020. Henta 16. september 2021.
- ↑ «Ouvrez Le Chien out now». 30. oktober 2020. Henta 16. september 2021.
- ↑ «David Bowie’s ‘Ouvrez Le Chien’ Live Album Set for Streaming Release». 25. juni 2020. Henta 16. september 2021.
- ↑ «David Bowie > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 14. november 2020.
- ↑ «David Bowie Brilliant Live Adventures Six Album Series Kicks Off October 30». 2. oktober 2020. Henta 16. september 2021.
- ↑ Discogs - Zachary Alford - (profile & discography)