Nobody's Fool av Slade

Nobody's Fool
Singel av Slade
frå albumet Nobody's Fools
B-side L. A. Jinx
Utgjeve 9. april 1976
Sjanger Rock
Lengd 3:50 (singel)
3:15 (Amerikansk singel)
4:40 (album)
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi
«Let's Call It Quits»
(1976)
Nobody's Fool «Gypsy Roadhog»
(1977)


«Nobody's Fool» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1976 som den tredje og siste singelen frå det sjette studioalbumet deira Nobody's Fools. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Singelen kom ut i april 1976 men klarte ikkje å nå topp 50 på singellista i Storbritannia, men klarte å nå tredjeplassen på BMRB's UK Breakers-lista.

Som albumet Nobody's Fools var tittelsporet eit forsøk frå Slade på å gjere ein meir «amerikansk» soul/pop-stil i eit forsøk på å slå igjennom i Amerika.[1] Lea hadde opphavleg tenkt seg «Nobody's Fool» som ein tjue minuttar lang ekstravagant song, men bandet vart sidan samde om å kutte han ned til ei normal lengd. Tasha Thomas song korvokal på songen.

B-sida til singelen var albumsporet «L.A. Jinx» i Europa, medan «When the Chips Are Down» vart vald ut i B-sida.[2] I Brasil vart «Nobody's Fool» gjeven ut som ein firespors EP i lag med «Let's Call It Quits», «In for a Penny» og «Can You Just Imagine».[3][4]

Det vart filma ein musikkvideo til songen i St. Johns Wood Studios i London av produksjonsselskapet Trilion Video. Han vart regissert av Bruce Gowers, som laga videoen til Queen-songen «Bohemian Rhapsody» året før. Trass i at det var den mest komplekse videoen til Slade til då, vart han berre vist ein gong i Storbritannia på Sally James sitt London Weekend Television-show Saturday Scene.[5]

FormatEndra

7"-singel
  1. «Nobody's Fool» - 3:50
  2. «L.A. Jinx» - 3:57
7"-singel (Amerikansk utgåve)
  1. «Nobody's Fool (Edit)» - 3:15
  2. «When the Chips are Down» - 4:16
7"-singel (Amerikansk promoutgåve)
  1. «Nobody's Fool (Edit) (Mono)» - 3:15
  2. «Nobody's Fool (Edit) (Stereo)» - 3:15
7"-singel (Brasiliansk EP-utgåve)
  1. «Nobody's Fool» - 3:50
  2. «Let's Call It Quits» - 3:30
  3. «In for a Penny» - 3:35
  4. «Can You Just Imagine» - 3:32

Andre versjonarEndra

I 1977 spelte Light Fantastic inn ein versjon av songen for albumet Sensational.[6] I 1979 spelte Jim Lea inn sin eigen versjon av songen med broren Frank som ein del av sideprosjektet The Dummies. Denne versjonen av songen dukka ikkje opp før i 1992, då han vart inkludert på A Day in the Life of the Dummies, eit album som samla The Dummies sine innspelingar.[7]

SalslisterEndra

Liste (1976) Plassering
Irish Singles Chart[8] 21
UK Singles Chart[9] 53

MedverkandeEndra

Slade
Andre medverkande

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Nobody's Fool (Slade song)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2021.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. CD-heftet til Nobody's Fools - Salvo 2007
  2. «ALL Diskografi @ www.collectadisc.co.uk». Collectadisc.co.uk. Henta 12. juli 2017. 
  3. «SLADE Discography @ www.collectadisc.co.uk». Collectadisc.co.uk. Henta 21. juli 2017. 
  4. «Slade - Nobody's Fool at Discogs». Discogs.com. Henta 13. oktober 2021. 
  5. «1986 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 12. oktober 2021. 
  6. «Light Fantastic (2) - Sensational (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 12. oktober 2021. 
  7. «The Dummies (3) - a day in the life of The Dummies (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 12. oktober 2021. 
  8. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 7. oktober 2021. 
  9. Chartwatch magazine (Issue 35). Chartwatch. December 1990. s. Breakers 1976 section.