Opna hovudmenyen

Nordanstigs kommun

kommune i Gävleborg len i Sverige

Nordanstigs kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige som ligg ved Bottenhavet. Kommunen grensar til Ånge kommun og Sundsvalls kommun i Västernorrlands län i høvesvis nordvest og nord og Hudiksvalls kommun i Gävleborgs län i sør. Administrasjonssenteret i kommunen er Bergsjö. Dette ligg om lag 30 km nord for Hudiksvall.

Nordanstigs kommun
kommune
Svensgård i Å 01.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Gävleborgs län
Landskap Hälsingland
Centralort Bergsjö
Areal 1 399 km²
Folketal 9 872
Folketettleik 7 0 / km²
Nordanstig Municipality in Gävleborg County.png
Wikimedia Commons: Nordanstig Municipality
Nettstad: www.nordanstig.se

I kommunen finn ein eit lågt kystland i aust, som lenger vestover stig opp i eit kupert og barskogkledd grunnfjellslandskap. I den austlege delen ligg det mange vatn. Dei fleste arbeidsplassane er innan servicenæringane, men ein finn også tre- og foredlingsindustri i kommunen.

Administrativ historikkEndra

Ved kommunereforma i 1952 vart kommunane Harmånger, Ilsbo og Jättendal slegne saman til storkommunen Harmånger, medan det ikkje vart gjort endringar i Bergsjö, Gnarp og Hassela. I 1974 vart alle desse slegne saman til ein ny kommune, med tettstaden Bergsjö som administrasjonssenter. Den nye kommunen fekk namnet Nordanstigs kommun etter «Nordanstigs kontrakt».

KommunevåpenetEndra

Blasonering: Eit delt skjold med ein gåande helsinghest i svart på sølvbakgrunn øvst og eit fiskenett i sølv med seks fullstendige masker på blå bakgrunn nedst.[1]

Av dei seks sokna som inngår i Nordanstigs kommun hadde fem heraldiske våpen frå før. Sidan ingen av desse var namngjevarar til den nye kommunen valde ein i staden å lage eit heilt nytt våpen, og det vart utlyst ein konkurranse. Framlegget til kunstnaren Paul Persson vann. Hesten symboliserer på jord- og skogsbruk og nettet talet på sokn som er med i kommunen. Våpenet vart registrert i Patent- och registreringsverket i 1983.

TettstaderEndra

Det er åtte tettstader i Nordanstigs kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Bergsjö 1 243
2. Gnarp 999
3. Harmånger 523
4. Strömsbruk 418
5. Ilsbo 399
6. Hassela 375
7. Stocka 365
8. Jättendal 277

KjelderEndra

FotnoteEndra

  1. «Sköld delad av silver, vari en gående hälsingehäst i svart, och blått, vari ett av vågskuror bildat fisknät i silver med sex fullständiga maskor».