62°6′35.950″N 16°42′28.087″E / 62.10998611°N 16.70780194°E / 62.10998611; 16.70780194

Hassela kyrkje

Hassela er ein svensk tettstad i Nordanstigs kommun i Gävleborgs län, i landskapet Hälsingland. I 2005 hadde tettstaden 375 innbyggjarar.

Namn endre

Det er usikkert kvar namnet kjem frå, og dermed òg tydinga. Éi forklaring er at Hassela er kopla til tresorten hassel. Dette er rettnok ganske vagt, sidan hassel ikkje veks i soknet.

Eit anna forsøk på tolking kan gjerast ved å dele opp namnet Hassela i to, der den siste delen (-sel, -sal, -sall, -sale eller -sala) tyder buplass. Ordet sal tyder opphavleg «hus med eit einaste stort rom». Den første delen, ha- eller had-, tyder «kjemper» og svarer til det gamalnordiske ordet hödr, genitiv hadar. Hassela kan såleis bety Hadarnas boplats. Namneopphavet kan ha med vestnordisk innvandring til området på 400-talet e. Kr. å gjere på grunn av dei rike førekomstane av myrmalm og pelsdyr i området. Det i dag norske Hadeland, kan ha liknande namneopphav. Opphavet til namnet bør kunne tolkast parallelt med den for byen Norrhassel, som av og til òg blir kalla berre Hassel, i Medelpad, ut frå den geografiske plasseringa og fellestrekk gjennom historia.

Det finst òg ei segn i soknet om ei kjempe kalla Hadunf. Forklaringa til namnet til soknet kan òg ligge her.

Historie endre

Hassela sokn blei på 1600-talet prega av stor innflytting frå Finland av såkalla skogfinnar.

Stader i Hassela endre

Kuriosa endre

Vilhelm Moberg-romanen Utvandrerne er delvis basert på ei dagbok skriven av ein hasselainnbyggjarar. Dei frøa som blei sett i romanen, då Karl-Oskar og Kristina var i Amerika, kjem frå eit epletre av Astrakan. Dette modertreet finst framleis (2007) på garden Joris i Hassela sogn.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre