Nordkjempepetrell
Nordkjempepetrell (Macronectes halli) er ein stor, mørk sjøfugl i stormfuglfamilien. Arten lever pelagisk og er utbreidd sirkumpolart på kystar og til havs i den subantarktiske regionen. Hekkinga skjer på øyar, den største hekkepopulasjonen finst på Sør-Georgia.
Nordkjempepetrell | |
I flukt over Godthul, Sør-Georgia Foto: Liam Quinn
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av nordkjempepetrell | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Kjempepetrellar Macronectes |
Art: | Nordkjempepetrell M. halli |
Vitskapleg namn | |
Macronectes halli |
Skildring
endreMed ei kroppslengd på ca. 90 centimeter og kroppsmasse på rundt 4,5 kilogram har nordkjempepetrell større kropp enn til dømes Phoebastria-abatrossane, men mindre vengespenn. Nordkjempepetrell kan oppnå vengespenn på over 2 meter.[1] Kroppsmassen til hofuglar er ca. 80 % av hannen sin kroppsmasse.[2] Fjørdrakta er gråbrun, framhovud og hals kan bli kvite. Unge fuglar er mørk brune. Kjempetretrellar har massive, gule nebb, nordkjempepetrellen med raudbrun nebbtupp, det sikraste kjenneteiknet som skil han frå sørkjempepetrell.
Denne arten lever på kystar i alle sørlege hav, i Sørishavet og i sørlege område av Stillehavet, Atlanterhavet og Indiahavet. Denne utbreiinga overlappar utbreiingsområdet til sørkjempepetrellen i ei viss mon, men sistnemnde held seg typisk lenger sør. Om sommaren hekkar og beitar han mellom 40 og 64 grader sør, men kan streife nord til 28° sør i vinterhalvåret.[2]
Nordkjempepetrellane er ikkje typiske kolonihekkarar, men hekkar parvis i eigne territorium. Dei største hekkepopulasjonane, på over 1000 par, ligg på Sør-Georgia, Chathamøyane, Kerguelen, Crozetøyane og på Macquarieøya.[3] Men dei hekkar òg spreidd i mindre tal på andre øyar. Oftast beitar dei einslege ute på havet, men kan òg samlast i blanda flokkar når dei følgjer fiskebåtar for å ta utkast.
I strandsona kan dietten bestå av åtsel av pattedyr og fuglar, dei kan og vere predatorar på pingvinar. Hoer et i større grad fisk og krepsdyr fanga på overflata av havet enn det hannar gjer. Nordkjempepetrellar kan dukke ned til 2 meter på jakt etter føda.
Reira er bygd av gras og annan vegetasjon, egglegging skjer frå august til oktober og det eine kvite egget har ei rugetid på ca. 60 dagar, etter det blir ungen heldt varm i 2-3 veker. Ungane kan flyge etter ca. 112 dagar og dreg ut på havet frå slutten av februar. Dei er mellom 9 og 11 år når dei blir hekkefuglar.
Arten har status som livskraftig, og bestanden er estimert til ca. 17 000-21 000 individ, og er trudd å vere aukande.[3]
Kjelder
endre- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005
- BirdLife International (2013) Species factsheet: Macronectes halli Arkivert 2016-06-28 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. april 2013.
Referansar
endre- ↑ Curtis, Lee K (2012). Queensland's threatened animals. Collingwood, Vic.: CSIRO Pub. s. 262. ISBN 9780643096141.
- ↑ 2,0 2,1 Background Paper, Population Status and Threats to Albatrosses and Giant Petrels Listed as Threatened under the Environment Protection and Biodiversity Conservation Act 1999 (PDF). Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Communities. Commonwealth of Australia, Hobart. 2011. Arkivert frå originalen (PDF) 29. februar 2012. Henta 28. april 2013.
- ↑ 3,0 3,1 BirdLife International (2013)