Irskesjøen

(Omdirigert frå Irskehavet)

Irskesjøen (engelsk The Irish Sea, irsk Muir Éireann eller Muir Meann; skotsk gælisk Muir Eireann; walisisk: Môr Iwerddon, mansk: Mooir Vannin) er eit havområde mellom øya Irland og Storbritannia. Det er forbunde til Atlanterhavet via St George's Channel mellom Republikken Irland og Wales og Cornwall i sør og via North Channel mellom Nord-Irland og Skottland i nordaust. Isle of Man ligg midt i Irskesjøen. Området er svært økonomisk viktig for handel, skipsfart og transport, fiske og kraftproduksjon i form av vindkraft og atomkraft i området. Det har lenge vore snakk om å byggje ein 80 km lang jernbanetunnel frå Storbritannia til Irland. Den årlege trafikken mellom dei to øyane utgjer 12 millionar passasjerar og 17 millionar tonn med varer.

Kart over Irskesjøen. Hamner som handsamar både gods og passasjerar er vist som raude prikkar. Hamner som berre handsamar gods er vist som blå prikkar.

SkipsfartEndra

 
Hamna i Arklow på kysten av Irskesjøen

Irland har ingen tunnel- eller brusamband til kontinentet. Dermed består store delar av tungtransporten via sjøen. Dei nordirske hamnene handsamar 10 millionar tonn med gods til og frå Storbritannia kvart år, medan hamnene i Republikken Irland handsamar 7,6 millinonar tonn.

Liverpool handsamar 32 millionar tonn gods og 734 000 passasjerar kvart år. [1] Hamna Holyhead handsamar det meste av passasjertrafikken frå Dublin og Dún Laoghaire og 3,3 millionar tonn med gods. [2]

Hamnene i Republikken Irland handsaman 3,6 millionar reisande over Irskesjøen kvart år, om lag 92 % av alle passasjerane over Irskesjøen.[3] Dette talet har derimot fall dei siste år (20% sidan 1999), truleg på grunn av billigare flyreiser.

Ferjesamband frå Storbritannia til Irland via Irskesjøen inkluderer ruter frå Swansea til Cork; Fishguard og Pembroke til Rosslare; Holyhead til Dún Laoghaire; Holyhead til Dublin; Stranraer til Belfast og Larne; og Cairnryan til Larne. Det er òg samband mellom Liverpool og Belfast via Isle of Man eller direkte frå Birkenhead (Liverpool). Ei av dei største bilferja i verda «Ulysses» (1300 bilar og 260 lastebilar[4]) frå Irish Ferries trafikkerer ruta Dublin–Holyhead.

ByarEndra

Dei største byane ved Irskesjøen er:

Rangering By Grevskap Region/Provins Folketal Land
1 Dublin County Dublin Leinster 505 739   Republikken Irland
2 Liverpool Merseyside North West 447 500   England
3 Belfast County Antrim/Down Ulster 276 459   Nord-Irland
4 Blackpool Lancashire North West 142 900   England
5 Dun Laoghaire Dun Laoghaire-Rathdown Leinster 126 614   Republikken Irland
6 Southport Merseyside North West 99 456   England
7 Birkenhead Merseyside North West 83 729   England
8 Bangor County Down Ulster 76 851   Nord-Irland
9 Barrow-in-Furness Cumbria North West 71 980   England
10 Wallasey Merseyside North West 58 710   England
11 Morecambe Lancashire North West 45 000   England
12 Lytham St Annes Lancashire North West 41 330   England
13 Rhyl Denbighshire Clwyd  Wales 35 000   Wales
14 Thornton-Cleveleys Lancashire North West 31 157   England
15 Colwyn Bay Conwy Clwyd  Wales 30 265   Wales
16 Fleetwood Lancashire North West 28 000   England
17 Carrickfergus County Antrim Ulster 27 201   Nord-Irland
18 Douglas Middle Isle of Man 26 218   Isle of Man
19 Workington Cumbria North West 25 978   England
20 Whitehaven Cumbria North West 25 500   England
21 Llandudno Conwy Clwyd  Wales 20 090   Wales

FotnotarEndra

  1. Hamnestatistikk, Mersey Docks Website
  2. UK Port Traffic Highlights: 2002, (pdf), UK Maritime Statistics, Dept of Transport
  3. Passasjertrafikk via Irskesjøen til Republikken Irland, Central Statistics Office of Ireland
  4. http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/wales/905010.stm Den største bilferja i verda

KjeldeEndra

Koordinatar: 53°43′N 5°10′W