Opna hovudmenyen
Tromsøpalme er ein av høgrisikoartane på Norsk svarteliste

Norsk svarteliste 2007 er ei oversikt med økologiske risikovurderinger over eit utval framande artar som er spreidd i naturen i Noreg. Svartelista er utgjeven av Artsdatabanken; dei konkrete risikovurderingane er gjort av ei ekspertgruppe med 18 medlemmer frå 6 forskingsinstitusjonar. Norsk svarteliste 2007 er sett opp som eit motstykke til Norsk Raudliste 2006.

Lista vart ajourøft med Norsk svarteliste 2012. Frå 2018 er lista avløyst av Fremmedartlista.

Artsdatabanken har registrert totalt 2483 framande artar av plantar og dyr i norsk natur. Av desse er 217 er risikovurdert i 2007, og inndelt i tre kategoriar:

  • Låg risiko - 41 artar som neppe er noko trugsmål mot det naturlege lokale biologiske mangfaldet.
  • Ukjend risiko - 83 artar der kunnskapen i ekspertgruppa ikkje er tilstrekkeleg til å vurdere dei negative effektane for det naturlege lokale biologiske mangfaldet.
  • Høg risiko - 93 artar som trugar det naturlege lokale biologiske mangfaldet.

Framande artar på Svalbard, Bjørnøya og Jan Mayen er ikkje vurderte.

ResultatEndra

Blant dei 93 artane som ekspertgruppa meiner trugar det naturlege lokale biologiske mangfaldet, finst bakteriar, makroalgar, mikroalgar, pseudosopp, sopp, mosar, karplantar, ribbemaneter, flatormar, rundormar, krepsdyr, edderkoppdyr, insekt, sniglar, muslingar, sekkdyr, fisk og pattedyr.

Blant karplantane med høg risiko er tromsøpalme , platanlønn og hagelupin, blant flatormane Gyrodactylus salaris, blant krepsdyra kongekrabbe, amerikansk hummar og pungreka Mysis relicta. Fem pattedyrartar er oppførte som høgrisikoartar, nemleg piggsvin (ein spreidd norsk art), kanin, austmarkmus, mink og vaskebjørn.

LitteraturEndra

  • Gederaas, L., Salvesen, I. og Viken, Å. (red.) 2007. Norsk svarteliste 2007 – Økologiske risikovurderinger av fremmede arter. 2007 Norwegian Black List – Ecological Risk Analysis of Alien Species. Artsdatabanken, Norway. ISBN 978-82-92838-02-0

KjeldeEndra