Northern Lights - Southern Cross

Northern Lights – Southern Cross
Studioalbum av The Band
Språk engelsk
Utgjeve 1. november 1975
Innspelt Våren og sommaren 1975
Studio Shangri-La Studio i Zuma Beach i California
Sjanger Rootsrock, folkrock, countryrock, americana
Lengd 40:40
Selskap Capitol
Produsent The Band
The Band-kronologi 
The Basement Tapes
(1975)
Northern Lights – Southern Cross The Best of The Band
(1976)


Northern Lights - Southern Cross er det sjette studioalbumet til den kanadisk-amerikanske rockegruppa The Band, utgjeve i 1975. Det vart det første albumet som kom ut etter at det nye studioet deira i California, Shangri-La, var ferdig og det første albumet deira med berre nytt materiale sidan Cahoots i 1971. Alle åtte songane er skrivne av gitarist Robbie Robertson.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB+[2]
MusicHound3.5/5 stars[3]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 stars[4]

Northern Lights - Southern Cross vart spelt inn med 24-sporslydopptakar, slik at Garth Hudson kunne legge fleire lag med klaverinstrument på fleire songar.

Tre songar frå albumet – «It Makes No Difference», «Ophelia» og «Acadian Driftwood» – vart spelte på The Last Waltz, den «siste konserten» til The Band i 1976. «Acadian Driftwood» var med i ein CBC-TV-spesial kalla Murray McLauchlan's Floating Over Canada i 1984. Det einaste Band-medlemmet som var med i klippet var Levon Helm.

Albumet fekk god kritikk då det kom ut. Rolling Stone meinte at The Band hadde «scora mål»,[5] og sjølv om han mislikte sentimentaliteten i tekstane, skreiv Robert Christgau «den reine hyggelegheita i kvar melodi på dette albumet fører til ein umiddelbar ovundring.»[6]

Innhald

endre

Alle songane av Robbie Robertson.

Side ein

endre
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Forbidden Fruit»Levon Helm5:59
2.«Hobo Jungle»Richard Manuel4:15
3.«Ophelia»Helm3:32
4.«Acadian Driftwood»Manuel, Helm, Rick Danko6:42

Side to

endre
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Ring Your Bell»Danko, Manuel, Helm3:55
2.«It Makes No Difference»Danko6:34
3.«Jupiter Hollow»Helm5:20
4.«Rags and Bones»Manuel[7]4:46
Bonusspor på 2001-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«Twilight» (tidleg alternativ versjon)3:13
10.«Christmas Must Be Tonight» (alternativ versjon)3:01

Medverkande

endre
The Band[8]
Andre medverkande
  • Byron Berline – fele på «Acadian Driftwood»
  • Nat Jeffrey – lydteknikar, miksing
  • Rob Fraboni – lydteknikar, miksing
  • Ed Anderson – lydteknikar

Salslister

endre

Album - Billboard (USA)

År Liste Plassering
1976 Billboard 200 26

Singlar - Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1976 «Ophelia» Hot 100 62[9]

Kjelder

endre
  1. Northern Lights - Southern CrossAllmusic
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: B». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 15. september 2020. 
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 72. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. Brackett, Nathan, with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Fireside. p. 42. ISBN 0-7432-0169-8.
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. april 2017, henta 15. september 2020 
  6. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=The+Band
  7. «Archived copy». Arkivert frå originalen 25. april 2016. Henta 15. september 2020. 
  8. http://theband.hiof.no/albums/northern_lights_southern_cross.html
  9. «The Band Albums (Top Albums) ••• Music VF, US & UK hits charts». Musicvf.com. Henta 3. mars 2012.