Northern Lights - Southern Cross
Northern Lights – Southern Cross Studioalbum av The Band | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. november 1975 | |
Innspelt | Våren og sommaren 1975 | |
Studio | Shangri-La Studio i Zuma Beach i California | |
Sjanger | Rootsrock, folkrock, countryrock, americana | |
Lengd | 40:40 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | The Band | |
The Band-kronologi | ||
---|---|---|
The Basement Tapes (1975) |
Northern Lights – Southern Cross | The Best of The Band (1976)
|
Northern Lights - Southern Cross er det sjette studioalbumet til den kanadisk-amerikanske rockegruppa The Band, utgjeve i 1975. Det vart det første albumet som kom ut etter at det nye studioet deira i California, Shangri-La, var ferdig og det første albumet deira med berre nytt materiale sidan Cahoots i 1971. Alle åtte songane er skrivne av gitarist Robbie Robertson.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B+[2] |
MusicHound | [3] |
The Rolling Stone Album Guide | [4] |
Northern Lights - Southern Cross vart spelt inn med 24-sporslydopptakar, slik at Garth Hudson kunne legge fleire lag med klaverinstrument på fleire songar.
Tre songar frå albumet – «It Makes No Difference», «Ophelia» og «Acadian Driftwood» – vart spelte på The Last Waltz, den «siste konserten» til The Band i 1976. «Acadian Driftwood» var med i ein CBC-TV-spesial kalla Murray McLauchlan's Floating Over Canada i 1984. Det einaste Band-medlemmet som var med i klippet var Levon Helm.
Albumet fekk god kritikk då det kom ut. Rolling Stone meinte at The Band hadde «scora mål»,[5] og sjølv om han mislikte sentimentaliteten i tekstane, skreiv Robert Christgau «den reine hyggelegheita i kvar melodi på dette albumet fører til ein umiddelbar ovundring.»[6]
Innhald
endreAlle songane av Robbie Robertson.
Side ein
endreNr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Forbidden Fruit» | Levon Helm | 5:59 |
2. | «Hobo Jungle» | Richard Manuel | 4:15 |
3. | «Ophelia» | Helm | 3:32 |
4. | «Acadian Driftwood» | Manuel, Helm, Rick Danko | 6:42 |
Side to
endreNr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Ring Your Bell» | Danko, Manuel, Helm | 3:55 |
2. | «It Makes No Difference» | Danko | 6:34 |
3. | «Jupiter Hollow» | Helm | 5:20 |
4. | «Rags and Bones» | Manuel[7] | 4:46 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Twilight» (tidleg alternativ versjon) | 3:13 |
10. | «Christmas Must Be Tonight» (alternativ versjon) | 3:01 |
Medverkande
endre- The Band[8]
- Rick Danko – bass, gitar, fiolin, munnspel, vokal, miksing
- Levon Helm – trommer, gitar, perkusjon, vokal
- Garth Hudson – orgel, klaverinstrument, trekkspel, saksofon, synthesizer, pikkolofløyte, blåseinstrument, roping, bass, miksing
- Richard Manuel – akustisk og elektrisk piano, klaverinstrument, orgel, trommer, clavinet, perkusjon, vokal
- Robbie Robertson – gitar, piano, clavinet, melodica, perkusjon, miksing
- Andre medverkande
- Byron Berline – fele på «Acadian Driftwood»
- Nat Jeffrey – lydteknikar, miksing
- Rob Fraboni – lydteknikar, miksing
- Ed Anderson – lydteknikar
Salslister
endreAlbum - Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1976 | Billboard 200 | 26 |
Singlar - Billboard (USA)
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1976 | «Ophelia» | Hot 100 | 62[9] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Northern Lights - Southern Cross» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Northern Lights - Southern Cross på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: B». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 15. september 2020.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 72. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Brackett, Nathan, with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Fireside. p. 42. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 5. april 2017, henta 15. september 2020
- ↑ http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=The+Band
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 25. april 2016. Henta 15. september 2020.
- ↑ http://theband.hiof.no/albums/northern_lights_southern_cross.html
- ↑ «The Band Albums (Top Albums) ••• Music VF, US & UK hits charts». Musicvf.com. Henta 3. mars 2012.