Perlehøns
Perlehøns er ein fuglefamilie i den biologiske ordenen Galliformes, hønsefuglar. Dei har naturleg utbreiingsområde i Afrika, men hjelmperlehøne har vore domestisert og både fjørfeforma og ville fuglar har blitt introduserte andre stader i verda.
Perlehøns | |
Gribbperlehøne, Acryllium vulturinum Foto: Flikr-brukar: putneymark
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Underorden: | Theropodar Theropoda |
Infraorden: | Tetanurae |
Familie: | Perlehøns Numididae Selys, 1842 |
Dette er ein familie av insektetarar og frøetarar, bakkehekkande fuglar som liknar mange artar i fasanfamilien, men perlehøns har generelt fjørlaust hovud, jamvel om begge medlemmer av slekta Guttera har ein karakteristisk svart kam, og gribbperlehøne har ein dunete brun flekk på nakken.
Dei fleste artane av perlehøns har ei mørk grå eller gråsvart fjørdrakt med tette, kvite flekker, men begge medlemmene av slekta Agelastes manglar flekkene. Medan fleire artar er relativt godt utforska, er bustperlehøne og dei to medlemmene av slekta Agelastes enno relativt lite kjente.
Hos artar der ein kjenner leveviset finn ein jamt over monogami, pardanning for livet. Likevel har sporadisk bigami vore registrert for hjelmperlehøne. Alle perlehøneartar er sosiale, og lever vanlegvis i små grupper. Hjelmperlehøne og gribbperlehøne lever helst i opne eller halvopne habitat, dei andre artane finst hovudsakleg i skogshabitat.
Dei er store fuglar som måler 40-71 centimeter, og veg 700-1600 gram.
Fylogeni
endreNolevande Galliformes etter John Boyd.[1]
Numididae (perlehøns) |
| ||||||||||||||||||
Artsliste
endrePerlehøns i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Agelastes
- Kvitbrystperlehøne, Agelastes meleagrides, White-breasted Guineafowl, VU, Bonaparte, 1850
- Svartperlehøne, Agelastes niger, Black Guineafowl, LC, Cassin, 1857
Slekt Numida
- Hjelmperlehøne, Numida meleagris, Helmeted Guineafowl, LC, Linné, 1758
Slekt Guttera
- Bustperlehøne, Guttera plumifera, Plumed Guineafowl, LC, Cassin, 1857
- Parykkperlehøne, Guttera pucherani, Crested Guineafowl, LC, Hartlaub, 1860
Slekt Acryllium
- Gribbperlehøne, Acryllium vulturinum, Vulturine Guineafowl, LC, Hardwicke, 1834
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Guineafowl» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2010
Referansar
endre- ↑ Boyd, John (2007). «GALLIFORMES- Landfowl». Henta 30 December 2015.
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 26. april 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Perlehøns i videoopptak hos Internet Bird Collection