O Jesu Christ, meins Lebens Licht

O Jesu Christ, mein’s Lebens Licht, BWV 118, er ein motett eller ein sats til ei kyrkjekantate komponert av Johann Sebastian Bach.

O Jesu Christ, mein’s Lebens Licht
BWV 118
Kantatesats eller motett av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral i motettestil
PeriodeBarokken
Komponert1736-1737
Urframføring11. oktober 1740 er første dokumenterte oppføring
Publiseringsdato1876
Typisk lengdom lag 5 minutt utan ritornell, 10 minutt med ritornell.
Satsar/akter1
Tekst avanonym, kanskje av Martin Behm

Bakgrunn endre

Stykket vart sannsynlegvis komponert i 1736 eller 1737. Det er ikkje visst om stykket har vore framført før den første dokumenterte framføringa som gjekk føre seg under gravferda til grev Friedrich von Flemming 11. oktober 1740.[1]

Med ein koral som tyngdepunkt og eit instrumentalt for- og mellomspel, minner stykket om opningssatsen til ei kantate, og i den første komplette Bach-utgåva vart den utgjeve som eit kantatefragment. Men instrumenteringa av den første versjonen peikar mot funksjonen utandørs gravferdsmusikk, ved grava eller under prosesjonen, og det gjev hint om motett. Bach sjølv sette «Motetto» på tittelarket. I Neue Bach-Ausgabe blir stykket derfor klassifisert som motett.[1]

Den andre utgåva er orkestrert for innandørs bruk og kan ha vorte framført i 1746-1747.

Tekst og koraltema endre

Tekstforfattaren er anonym. Bach brukte det første verset frå ei salme i Martin Behm si salmebok frå 1610, men det ser ut til at Behm har brukt ein eldre tekst av ein ukjend forfattar.

Koraltemaet må ha vore eit av Bach sine favorittar: han brukte det òg i kantatane BWV 3, BWV 44, BWV 58 og BWV 153.[2][3]

Instrumentering og struktur endre

Den første utgåva av stykket er instrumentert for SATB kor, tre trombonar, orgel, cornetto og litui. Det er ikkje heilt klårt kva instrument ein lituo er, forslag er basszinke eller natur-/jakthorn. Den noko uvanlege orkestreringa kjem truleg av at Bach oppførte stykket til ei gravferd og ønskte ei symbolsk referanse til den romerske tradisjonen med tre messinginstrument under gravferder.[1]

Den andre utgåva er for kor SATB, to litui, strykarar og orgelcontinuo pluss dobling med tre oboar og ein fagott ad libitum.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Kommentarar, side 1[daud lenkje] på www.bach-cantatas.com
  2. Kommentarar, side 2 på bach-cantatas.com
  3. Chorale Melodies used in Bach's Vocal , bach-cantatas.com/

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre