Oddmund Hoel (18. januar 191026. november 1983), fødd og død i Oppdal, var ein norsk jurist og politikar for Venstre.

Oddmund Hoel
Fødd18. januar 1910
Død26. november 1983
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling

BiografiEndra

Hoel var son av lensmannen i Oppdal. Han tok middelskole, underoffiserskole i 1930 og vart student i 1935. I 1941 vart han cand.jur.. Han var lensmannsbetjent i Oppdal 1930-1941. Frå mai 1945 vart han først konstituert, sidan fast tilsett som lensmann i Oppdal, ei stilling han hadde til han vart pensjonist i 1975. Han hadde òg ein militær karriere, i 1931 vart han sersjant, i 1933 fenrik, i 1945 løytnant. Under krigen var han advokat i Oppdal (1941 til 1945), dette tok han opp att som pensjonist og praktiserte til han døydde. Frå 1934 til 1977 var han forretningsførar ved A/S Oppdal elektrisitetsverk.

I 1954 vart han vald inn på Stortinget som representant for Venstre. Han sat i tre periodar og var medlem av Forsvarskomiteen heile tida. Han var òg delegat til NATOs parlamentariske forsamling alle periodane på Stortinget. Han var òg varamedlem til Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen,

VervEndra

  • Medlem av Oppdal kommunestyre frå 1945 til 1959.
  • Formann i bygningsrådet i Oppdal frå 1945 til 1954.
  • Medlem av ei rekkje kommunale utval.
  • Nestformann i Sør-Trøndelag venstrelag 1951-1952 og formann 1956-1957.
  • Nestformann Noregs lensmannslag 1952-1955, formann 1955-1962
  • Medlem Reisetrafikkforeningen for Trondheim og Trøndelag 1956-1965
  • Medlem Styret for A/L Oppdal skiheis 1955-1975

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra