Oddvar Støme

Oddvar Støme (fødd 5. januar 1933 i Kiberg) er ein norsk filolog, forfattar og tidlegare bonde.

Liv og virkeEndra

Oddvar Støme er utdanna lærar ved Tromsø lærarskole 1954. Støme har arbeidd som lærar i Vardø, Kirkenes og Kiberg før han drog sørover. Han skreiv i godt vaksen alder ei hovudfagsoppgåve i norsk om heimemålet. Støme har òg vore dosent i norsk ved Universitetet i Tartu i Estland.

Støme bygde opp ein gard i Komagvær på 1970-talet.[1]

Bøker og artiklarEndra

I 1989 skreiv Støme hovudfagsoppgåve om kibergsdialekten. I 1994 blei denne grunnlaget for ei bok, Vår eigen stemme. Samtidig gav han ut ei lita bok, Syn betre enn segn, med barndomsminne.[2]

I 2007 gav Støme ut ein kortversjon av hovudfagsoppgåva om kibergsdialekten, i boka Partisanbygda Kiberg. Fiskeværet mellom øst og vest.

Strøme har vore ein ivrig skribent om målsak. Våren 1991 var Støme reiseskrivar i Noregs Mållag og reiste rundt i Finnmark og fortalde korfor nynorsken høvde som skriftmål i Finnmark.[3][4]

Støme har ivra for å få Karl Akres målsyn fram i lyset.[5]

Støme har også engasjert seg i urfolksspørmål, samepolitikk og striden rundt Finnmarkseigedommen.

BibliografiEndra

  • Kibergsdialekten. Ein kystdialekt i Finnmark. Hovudoppgåve i norsk, Universitetet i Oslo 1989?, 198 s. (nynorsk)
  • Vår eigen stemme, Tartu Ülikool Kirjastus, Tartu 1994, 133 s. (nynorsk)
  • Syn betre enn segn, Tartu 1994 (nynorsk)
  • "Kibergsmålet. Ein kystidialekt i Finnmark", i Einar Niemi (red.): Partisanbygda Kiberg, Kiberg bydelag 2007, side 294-310 (nynorsk)

ReferansarEndra

  1. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 3. mai 2021 
  2. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 3. mai 2021 
  3. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 3. mai 2021 
  4. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 3. mai 2021 
  5. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 3. mai 2021 

KjelderEndra

  • "Språk, krig og barndom", Finnmarken, tirsdag 11. oktober 1994.[1]
  • "Kommentar" i Utdanningsnytt, mandag 9. september 2019 [2]
  • "Oddvar Støme" på nb.no [3]
  • "Oddvar Støme" på bibsys [4]