Oh Lonesome Me
Oh Lonesome Me Singel av Don Gibson | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1958 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:26 | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | Don Gibson | |
Tekstforfattar | Don Gibson | |
Låtskrivar(ar) | Don Gibson | |
Produsent | Chet Atkins | |
Don Gibson-kronologi | ||
«Sweet Dreams» (1956) |
Oh Lonesome Me | «Blue Blue Day» (1958)
|
«Oh Lonesome Me» er ein populær song skriven og innspelt av Don Gibson med Chet Atkins for RCA-Victor i Nashville i 1958. Songen toppa country-lista i USA i åtte veker på rad, og nådde 7. plass på Billboard-lista.[1] B-sida var «I Can't Stop Loving You», som har vorte ein standardsong.[2]
Andre utgåver
endreDet er gjort mange andre utgåver av songen.
Craig Douglas spelte inn ein versjon i Storbritannia i 1962 på (Decca-etiketten, produsert av Bunny Lewis.[3] Denne nådde 11. plass i Storbritannia og låg på lista i 11 veker..[4]
Neil Young spelte inn songen i lag med Crazy Horse for albumet hans After the Gold Rush i 1970. Denne versjonen er mykje langsamare enn originalversjonen, og det kan vere vanskeleg å høyre at det er same songen.
Johnny Cash nådde 13. plass på countrylista med songen i 1961 på,[5] Stonewall Jackson 63. plass i 1970,[6] Loggins & Messina 92. plass i 1975[7] og The Kentucky Headhunters 8. plass i 1990.[8]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oh Lonesome Me» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 157. ISBN 0-89820-177-2.
- ↑ Gillett, Charlie (1996). The Sound of byen: The Rise of Rock og Roll ((2nd Ed.) utg.). New York, N.Y.: Da Capo Press. s. 108–109. ISBN 0-306-80683-5.
- ↑ Chart Stats - Images - Singles - 3279.jpg
- ↑ Chart Stats - Craig Douglas - Oh Lonesome Me, arkivert frå originalen 12. november 2013, henta 12. november 2013
- ↑ Whitburn, s. 84
- ↑ Whitburn, s. 203
- ↑ Whitburn, s. 243
- ↑ Whitburn, p. 223