Oksøy fyrstasjon

Oksøy fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei øy på vestsida av innseglinga til Kristiansandsfjorden i Kristiansand kommune i Agder. Fyrstasjonen er eit kystfyr som vart opprettea i 1832. Saman med Odderøya fyrstasjon og Grønningen fyrstasjon dannar fyret ein samanhengande struktur av navigasjonshjelpemiddel for innseglinga til kysten og Kristiansand hamn.

Oksøy fyrstasjon

FylkeAgder
KommuneKristiansand
FunksjonKystfyr
Oppretta1832
Koordinatar58°04.1666′N 8°3.4146′E / 58.0694433°N 8.0569100°E / 58.0694433; 8.0569100
Fyrtårn
Høgd36,0
FormKvitt tårn med to raude band og med bifyr.
ByggjematerialeBetong
Fyrlys
LyskarakterLysglimt vart 45. sek.
Lyshøgd47 moh.
Lysvidde19,0 nm
Status
EigarStaten
Automatisert2004
Avfolka2004
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Oksøy fyrstasjon
58°04′20″N 8°03′11″E / 58.07222222°N 8.05305556°E / 58.07222222; 8.05305556

Det første anlegget endre

 
 
Plasseringa til Oksøy fyrstasjon

Det første fyret på Oksøy var 23 meter høgt, bygd i tegl. Det vart òg bygd eit våningshus og eit uthus for fyrforvaltaren. Oksøy fyr vart tent for første gong den 25. november 1832.

Oksøy var det første fyret i landet med linseapparat og Noreg var det tredje landet i verda som innførte systemet.

Dagens anlegg endre

Det opphavlege fyrtårnet vart erstatta av eit nytt, 36 meter høgt støypejernstårn i 1900. Det er eit av dei høgaste i landet. Òg dette fyret har linseapparat, ei 1. ordens katadioptrisk linse, dvs. at ho både reflekterer og forsterkar lyset. Nominell rekkevidde er 19 nautiske mil.

Framleis finst tufter etter tidlegare fyrtårn, losstasjon, semaforstasjon og eit tysk brakkeanlegg frå den andre verdskrigen på fyrområdet.

Oksøy fyr er eigd av Staten. Fyret vart automatisert og avfolka i 2004. Det er freda etter lov om kulturminne og som naturreservat etter lov om naturvern.

Losstasjonen endre

Losstasjonen på Oksøy vart oppretta omkring 1950. Eit styrehus frå fiskeskøyta «Agder 2» frå Flekkerøy vart bygd om til utkikkshytte for losane.

I 1979 vart losstasjonen flytta til Kristiansand. I 1989 vart det gjort vedtak om at loshytta skulle restaurerast og bevarast for ettertida. Truleg er ho eit av dei minste kulturminna i Noreg.

Klima endre

Det står ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt på Oksøy med synopnummer 1448. Han ligg 9 meter over havet og har vore i drift sidan november 1869.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 0,3 -0,3 1,6 4,5 9,3 13,3 15,2 15,2 12,5 9,3 5,0 2,1 7,3
Nedbør (mm) 106 71 81 54 69 60 74 102 119 141 148 106 1131

Sjå òg endre

Kjelder endre

Andre kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre