Ola Bratteli

norsk matematikar og professor

Ola Bratteli (fødd 24. oktober 1946 i Oslo, død 8. februar 2015) var ein norsk matematikar, kjent for Bratteli-diagramma som blir nytta i gruppeteori. Politikaren Trygve Bratteli var far hans.

Ola Bratteli

Fødd24. oktober 1946
Oslo
Død8. februar 2015
NasjonalitetNoreg
Områdematematikk
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Etter Oslo katedralskole studerte han til cand.mag. og cand.real. i matematikk ved Matematisk institutt ved Universitetet i Oslo (1967-71). Avhandlinga Inductive limits of finite dimensional C* -algebras omhandla operatoralgebraer og Bratteli-diagram, og gav karakteren 1,1 skriftleg og 1,0 munnleg.[1] Arbeidet har gjeve mange teoretiske bruksområde og han har over hundre publikasjonar, mange med rettleiaren sin Erling Størmer, og med det tileigna seg eit Erdős-tal lik 3.

Bratteli jobba som stipendiat ved New York University (1971-73) og avla sin dr.philos. ved Universitetet i Oslo (1974). Utover ei rekkje kortare opphald som professor og forskar verda over, arbeidde Bratteli som professor ved NTH (1980-91) og professor ved Universitetet i Oslo (1991-2015).

Utgjevingar

endre
  • Operator Algebras and Quantum Statistical Mechanic (Springar-Verlag, 2 volum, 1980). Med Derek W. Robinson.
  • Derivations, Dissipations and Group Actions on C* -algebras (Springar-Verlag, 1986)
  • Wavelets through a looking glas, the world of the spectrum Birkhäuser, 2002). Med Palle T. Jørgensen

Utmerkingar

endre

Kjelder

endre
  1. Supereksamen for Bratteli jr. i VG (16.6.71)
  2. Fremragende matematikere Arkivert 2007-10-24 ved Wayback Machine. fra forskning.no