Olaus Eskeland

norsk politikar

Olaus Olsson Eskeland (9. juni 183323. november 1903) var ein lærar, gardbrukar og Venstre-politikar frå Rogaland.

Olaus Eskeland
Olaus Olsen Eskeland.jpg
Fødd9. juni 1833
Død23. november 1903 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Eskeland var son av ein gardbrukar i Høle. I yngre åt var han krambudreng i Stavanger. I 1853 tok han eksamen ved Stord seminar. Han var så lærar og kyrkjesongar i Høle til 1856, deretter i Hetland til 1859. Frå 1859 var han i eitt år lensmann i Skudenes, vart sjuk og søkte avskjed. Han kjøpte då eit gardsbruk på Tasta i Hetland og vart gardbrukar. I 1893 kjøpte han den tidlegare prestegarden i Hetland og busette seg på denne.

I 1864 vart han ordførar i Hetland. Han var ordførar heilt til han døydde i 1903, på ein valbolk nær, til saman var han ordførar i Hetland i 36 år.

Eskeland var stortingsmann frå Stavanger amt frå 1871 til 1889. De to siste åra av valperioden 1889–91 var han permittert grunna sjukdom. Han var medlem av justiskomité nr 2 frå 1871 til -74. Frå 1874 var han medlem i jarnbanekomiteen, sekretær i denne 1880–88. Mellom anna vart Jærbanen vedteken bygd i dei dagar. Elles medlem av røysterettskomiteen 1877 og valkomiteen 1880–89. Han var president i Stortinget 1889. I 1882 var han medlem av den parlamentariske jurykommisjonen.

Eskeland hadde mange offentlege verv, mellom anna var han forlikskommissær i Hetland i 40 år, fylkesrevisor, medlem 1883–91 av tilsynsnemnda for Jærbanen og styremedlem i Noregs Bank si avdeling i Stavanger. I 1889 var han med og stifta Hetland Sparebank, der han vart vald til ordførar i banken sitt forstandarskap.

Han vart i 1889 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Eskeland døydde på garden sin i Hetland i 1903.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra