Olav Kornelius Kjelbotn, tidlegare Kristoffersen (fødd 5. oktober 1898 i Fosnes, død 17. mai 1966 i Namsos)[1] var ein norsk langrennsløpar som konkurrerte på 1920-talet.

Olav Kjelbotn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. oktober 1898
Fosnes kommune
Død

17. mai 1966 (67 år)
Namsos

Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1928

Idrettskarriere endre

Kjelbotn vann 30 km i NM 1924 på Voss. Han slo Thorleif Haug som nettopp hadde vunne tre gull i OL 1924 i Chamonix.[2] Han tok den første medaljen til Noreg i eit ski-VM då han vart nummer tre på 50 km i VM 1926 i Lathis.[2] I Holmenkollrenna vann han femmila i 1926 og kombinert i 1928.[2]

Kjelbotn var skimakar, og han produserte sin eigen skismørjing, Kjelbotn Spesial.[2]

Grønland og Antarktis endre

Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser, forløparen til Norsk Polarinstitutt[3], starta i 1929 med vitskaplege sommerekspedisjonar til Aust-Grønland, og Kjelbotn var med på den første ekspedisjonen frå 1929 til 1931.[4]

I 1932–33 deltok Kjelbotn saman med Hallvard Devold som mannskap på kaptein Hjalmar Riiser-Larsen sin ekspedisjon til Antarktis. Dei skulle gå med hundespann langs kysten frå Enderby Land til Weddellhavet. Isen, der dei hadde lossa alt utstyr for eitt års overvintring, braut opp alt første natta. Dei tre dreiv til havs på eit isflak medan dei fleste hundane dreiv av stad på eit anna isflak og forsvann. Devold og Kjelbotn veksla på å trå på ein ergometersykkel med dynamo som leverte straum til ein liten kortbølgjeradiosendar. Etter vel to døgns dramatisk sykling og morsing, der vind og sjø stadig braut isflaket deira mindre og mindre, fekk dei omsider kontakt med ein norsk kvalbåt og vart redda saman med fire hunder.[5]

Merittar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre