Ole Evensen Hjelmstad
Ole Evensen Hjelmstad (31. desember 1825–1. oktober 1896) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Ringsaker i Hedmark. Johannes Hjelmstad var halvbror hans.
Ole Evensen Hjelmstad | |
Fødd | 31. desember 1825 Ringsaker |
---|---|
Død | 1. oktober 1896 (70 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar |
Han overtok farsgarden Hjelmstad i 1847, med selde han tre år seinare til halvboren Johannes Hjelmstad. Sjølv overtok han då garden Mølstad i Nes i Hedmark av svigerfar sin, og budde der sidan. Han var i kring 40 år medlem av heradsstyret i Nes frå 1853, ordførar i over 25 år. Elles var han forlikskommissær og sparebankdirektør, samt medlem av tilsynskomiteen for Hamar-Tynsetbanen.
Hjelmstad representerte Hedemarkens amt på Stortinget frå 1877 til 1885. I alle dei tre tingbolkane var han medlem av jarnbanekomiteen, frå 1880 til- 85 også medlem av Lagtinget. Under riksretten 1883-84 vart han utskoten av påklaga. Han melde seg inn i Stortingets Venstreforening då denne vart skipa.
Hjelmstad omkom i ei ulykke på jarnbanen på Tynset i 1896.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak (1914). «Hjelmstad, Ole Evensen». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: Steenske bogtrykkeri. s. 381.
- Biografisk informasjon om Ole Evensen Hjelmstad NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv