Ole Jakob Sørum

Ole Jakob Hanssen Sørum (4. desember 184430. desember 1904) var ein lærar og stortingsmann frå Ullensaker i Akershus. Han var medlem av Venstre.

Ole Jakob Sørum
Fødd 4. desember 1844
Ullensaker
Død

30. desember 1904 (60 år)
Lier

Yrke politikar, lærar, bonde

Sørum var son til ein gardbrukar. I unge år var han lærar i Gjerdrum. Sidan gjekk han Asker seminar, eksamen 1865. Ei kort tid var han lærar i Strømmen, så lærar i Lier frå 1866. År 1880 kjøpte han gard og dreiv denne attåt læraryrket. Sørum var medlem av heradsstyret frå 1873, ordførar 1884-88. Nokre år var han formann i skulestyret i Lier, frå 1890 av amtsskulestyret i Buskerud. Elles var han både forlikskommissær og medlem av anleggsstyret for Lierbanen.

Sørum, som var formann i venstreforeininga i Buskerud, representerte Buskeruds amt 1883-88 på Stortinget. I begge periodane var han medlem av næringskomite nr 2. År 1888 også sekretær i Odelstinget.

Sørum døydde på garden sin i Lier i 1904.

KjelderEndra