Oljelampe

(Omdirigert frå Oljelampar)

Oljelampar er kunstige lyskjelder som bruker olje som drivstoff for ein flamme. Dei gjev ei form for levande lys som er sterkare enn eit stearinlys, men svakare enn ein parafinlampe.

Indisk oljelampe under dipavali.
Italiensk oljelampe frå 1800-talet. Lampen brenn med olivenolje og er einaste lyskjelda i biletet.

Lampen består av eit kar, gjerne av metall eller steintøy, som blir fylt med olje av ulike slag, til dømes planteolje, dyrefeitt eller petroleum. Oljelampen lyser ved at ein halvvegs nedsenkt veik trekker til seg olje i den eine enden og brenn i den andre.

Historie endre

Oljelampar har ei lang historie og har vore brukte i mange kulturar. Dei er kjende frå historier som «Aladdin og den magiske lampen» og frå den kristne likninga om dei fem kloke og dei fem dårlege møyane (Matt. 25:1-13) som måtte venta natta gjennom med oljelampane sine.

I middelhavslanda brukte ein oljelampar med olivenolje til godt innpå 1800-talet, i avsidesliggjande område til 1900-talet. I dag blir oljelampar helst brukt til symbolske føremål, som til religiøse ritual i hinduismen og jødedommen.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oljelampe

Kjelder endre