On Fire av The Roop

«On Fire» (norsk omsetjing 'i brann') er ein popsong som vert framført av det litauiske bandet The Roop. Songen skulle ha vore det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[1] Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2] Songen vart utgjeven for strøyming og digital nedlasting 14. januar 2020, og gjekk til topps på den litauiske singellista månaden etter.[3]

Eurovision Song Contest endre

«On Fire» vart det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020, etter at The Roop vann den litauiske songtevlinga Pabandom iš naujo! (la oss prøve igjen!) 15. februar 2020. Vinnaren av tevlinga får representere Litauen i Eurovision Song Contest. Songen var favoritt hos både juryen og sjåarane, og den vann telefonavrøystinga soleklart med over 50 000 røyster – 35 000 meir enn andreplassen.[4] Like etter sigeren vurderte spelselskapa Litauen som ein av favorittane til å vinne Eurovision Song Contest 2020.[5] Litauen debuterte i Eurovision Song Contest i 1994, og den beste plasseringa i landet er ein sjetteplass frå 2006.[6] Songen gjekk òg til topps på den litauiske singellista etter den nasjonale finalen.

I januar 2020 vart Litauen trekt til å deltake i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 12. mai.[7] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen Covid-19.[8] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Sporliste endre

Digital nedlastning[9]
Nr.TittelLengd
1.«On Fire»2:50

Listeplasseringar endre

Liste (2020) Høgaste
plassering
Litauen (AGATA)[3] 1

Utgjevingshistorikk endre

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 14. januar 2020 Digital nedlasting, strøyming Musica Publica [9]

Referansar endre

  1. «THE ROOP wins 'Pabandom is naujo! 2020' with "On Fire"». wiwibloggs (på engelsk). 15. februar 2020. Henta 15. februar 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 «2020 8-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 29. februar 2020. 
  4. «Lithuania: The Roop's grand final televote figures revised» (på engelsk). 19. februar 2020. Henta 21. februar 2020. 
  5. «Eurovision 2020 Odds: Lithuania Second Favourite To Win - 18 February» (på engelsk). 18. februar 2020. Henta 21. februar 2020. 
  6. «Lithuania – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  7. «First Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  8. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  9. 9,0 9,1 «On Fire - Single by The Roops on Apple Music». Apple Music. Henta 16. februar 2020.