Once Upon a Long Ago

Once Upon a Long Ago
Singel av Paul McCartney
frå albumet All the Best!
B-side

«Back On My Feet»

Utgjeve 16. november 1987
Innspelt 11-12. mars 1987
Sjanger Rock
Lengd 4:08
Selskap MPL Communications
Parlophone Records
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Phil Ramone
Paul McCartney-kronologi 
«Only Love Remains»
(1986)
Once Upon a Long Ago «My Brave Face»
(1989)


«Once Upon a Long Ago» er ein song av Paul McCartney gjeven ut som den 40. singelen hans den 16. november 1987. Singelen kom ut i samband med samleplata All the Best!, som kom ut to veker før singeen. Songen var produsert av Phil Ramone og miksa av George Martin med fiolin av Nigel Kennedy.[1]

Det vart rapportert i ein biografi i 2011 at opphavet til songen er frå filmen The Princess Bride. McCartney vart spurt av regissøren Rob Reiner om å skrive eit par songar for filmen. Reiner avviste dei to songane McCartney kom med, «Once Upon a Long Ago» og «Beautiful Night», fordi dei var «for sentimentale». I staden fekk han Mark Knopfler til å fullføre filmmusikken.

Opphavleg var songen meint å vere ein duett mellom McCartney og Freddie Mercury. Dei to hadde blitt vener etter Live Aid. McCartney, som hadde mykje sympati for Mercury på grunn av pressa som forfølgde han med saker om helsa hans, skreiv songen med Mercury i tankane. Mercury var derimot for travel med både soloprosjekt, bandet sitt Queen og AIDS-sjukdommen som byrja å slite på han. Vokalen til McCartney skal vere lik vokalen det var meininga Mercury skulle syngje. Linda McCartney, kona til Paul, fortalte at han var knust då han fekk vite at Mercury hadde gått bort.

Songen vart spelt inn 11. og 12. mars 1987 i Hog Hill Studio, og så nokre fleire lydspor i Abbey Road i juli.[2]

Utgjeving endre

Songen kom ut i fire versjonar. To forskjellige 12"-singlar med versjonar kalla «long» og «extended» (miksa av høvsesvis George Martin og Peter Henderson), 7"-singel og CD-singel (den første for McCartney) med ein forkorta versjon av den lange versjonen (edit) og ei B-side frå kvar av dei to 12"-versjonane, i tillegg til «Back on My Feet», som var B-side på alle utgåvene. I tillegg inneheld albumversjonen på All the Best! ein alternativ slutt. «Back on My Feet» var òg den første songen som kom ut etter eit samarbeid mellom McCartney og Elvis Costello.

«Once Upon a Long Ago» nådde tiandeplassen på den britiske singellista,[3] og det vart den siste Topp 10-plasseringa til McCartney i heimlandet før «FourFiveSeconds» i 2015. Singelen kom ikkje ut i USA og var heller ikkje med på den amerikanske utgåva av All the Best!. Songen er aldri utgjeve på noko større amerikansk album, men kom ut på promoalbumet Never Stop Doing What You Love.

Innhald endre

7" (R 6170)
  1. «Once Upon a Long Ago» - 4:12
  2. «Back on My Feet» - 4:20
12"-singel, versjon 1 (12R 6170)
  1. «Once Upon a Long Ago» (Long Version) - 4:34
  2. «Back on My Feet» - 4:21
  3. «Midnight Special» - 3:56
  4. «Don't Get Around Much Anymore» - 2:51
12"-singel, versjon 2 (12RX 6170)
  1. «Once Upon a Long Ago» (Extended Version) - 6:06
  2. «Back on My Feet» - 4:21
  3. «Lawdy Miss Clawdy» - 3:15
  4. «Kansas City» - 4:00
CD single (CDR 6170)
  1. «Once Upon a Long Ago» - 4:12
  2. «Back on My Feet» - 4:21
  3. «Don't Get Around Much Anymore» - 2:51
  4. «Kansas City» - 4:00

Once Upon a Video endre

I lag med singelen og All the Best! kom det òg ein 18 minuttar lang VHS kalla Once Upon a Video,[4] som bestod av fire musikkvideoar:

  1. «Once Upon a Long Ago» - video filma i Valley of the Rocks i Nord-Devon.
  2. «Stranglehold»
  3. «Pretty Little Head»
  4. «We All Stand Together» - musikkvideo var eit klipp frå filmen Rupert and the Frog Song

Kjelder endre

  1. «Once Upon a Long Ago». JPGR. 2000. Henta 22. mai 2018. 
  2. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, s. 265-267.
  3. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 22. mai 2018. 
  4. www.discogs.com - Paul McCartney – Once Upon A Video