Onychoprion

fugleslekt
Onychoprion
Sotterne, Onychoprion fuscatus Foto: Duncan Wright, USFWS
Sotterne, Onychoprion fuscatus
Foto: Duncan Wright, USFWS
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Sterninae
Slekt: Onychoprion
Wagler, 1832

Onychoprion er ei biologisk slekt av terner i måsefamilien, Laridae. Namnet på denne slekta kjem frå gammalgresk onux, 'klo', og prion, 'nagl'.[1]

Dette er terner med mørk overside, unntaket er beringterne som har mellomgrå rygg og venger.

Artslista endre

Onychoprion i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler[3] og med utbreiingsområde:

  • Sotterne, Onychoprion fuscatus, Sooty Tern, Linné, 1766, (LC)
Dei fleste kystar i tropiske område, omtrent mellom den nordlege og den sørlege vendesirkelen
  • Polynesiaterne, Onychoprion lunatus, Gray-backed Tern, Peale, 1848, (LC)
Øyar i tropisk del av Stillehavet, inkludert Hawaii
  • Tygleterne, Onychoprion anaethetus, Bridled Tern, Scopoli, 1786, (LC)
Kystar i tropiske område: Stillehavskysten av Amerika frå Mexico til Ecuador, Mexicogolfen, Det karibiske havet, austkysten av USA frå Nord-Carolina og sørover, Vest-Afrika, Raudehavet og rundt Den arabiske halvøya, Indiahavet, Søraust-Asia, Australia og øyar i vestlege Stillehavet.
  • Beringterne, Onychoprion aleuticus, Aleutian Tern, Baird, 1869, (VU)
Hekkeområdet er kystar i Alaska, rundt Sakhalin og Kamtsjatkahalvøya

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 282. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Onychoprion