Operaen Valkyrien

Valkyrien (tysk Die Walküre), WWV 86B, er ein tyskspråkleg opera i tre akter med tekst og musikk av Richard Wagner, og inngår som det andre av fire musikkdrama som utgjer Wagners syklus Nibelungenringen (Der Ring des Nibelungen).[1] Han vart framført som ein enkeltopera ved nasjonalteateret i München den 26. juni 1870, og hadde den første framsyninga si som ein del av Ring-syklusen under festspela i Bayreuth den 14. august 1876.

Valkyrien (Die Walküre)
WWV 86B
Opera av Richard Wagner

Schotts vokalpartitur for Valkyrien (1899)
PeriodeRomantikken
Urframføring26. juni 1870 26. juni 1870
Typisk lengdca. 3 timar 45 minutt
Satsar/akter3 aktar
Libretto avRichard Wagner

Teksten vart fullført i juli 1852, og musikken i mars 1856. Wagner følgde i stor grad prinsippa knytt til musikkdrama-formatet som han hadde beskrive i essayet Oper und Drama frå 1851. Her skulle musikken tolka teksten emosjonelt og reflektera over kjenslene og stemningane bak verket, ved hjelp av eit system med tilbakevendande leiemotiv for å representera karakterar, idear og situasjonar i staden for dei konvensjonelle operatiske einingane til ariar, ensemble og kor.

Som med Rhingullet ønskte Wagner å utsetja kvar framføring av det nye verket til det kunne visast som del av den fullførte syklusen, men premieren i München i 1870 vart arrangert etter at mesénen hans kong Ludwig II av Bayern insisterte. Meir enn dei andre Ring-dramaa har Valkyrien oppnådd ein viss popularitet som eit frittståande verk, og blir framleis framført uavhengig av rolla si i tetralogien.

Historia til Valkyrien er basert på den norrøne mytologien fortalt i Volsungesoga og Den eldre Edda. I denne versjonen møter Volsung-tvillingane Sieglinde og Siegmund, som vart skilde i barndommen, kvarandre og forelskar seg. Denne unionen opprører gudane, som krev at Siegmund må døy. Sieglinde og det ufødte barnet til paret blir frelste av dei ulydige handlingane til Wotan si dotter, tittelfiguren, valkyria Brünnhilde. Som eit resultat må ho stå overfor guden si gjengjelding.

Roller

endre
Rolle Skildring[2] Stemmeleie[3] Premierebesetningen i München, 26. juni 1870[4]

(Dirigent: Franz Wüllner)[5]

Premierebesetningen ved den første Bayreuth-festivalen, 14. august 1876[4]

(Dirigent: Hans Richter)[6]

Menneske
Siegmund Volsung, son av Wotan, Sieglindes tvillingbror tenor Heinrich Vogl Albert Niemann
Sieglinde Volsung, dotter av Wotan, Siegmunds tvillingsøster sopran Therese Vogl Josephine Schefsky
Hunding Neiding-klanens høvding; Sieglindes ektemann bass Kaspar Bausewein Josef Niering
Gudar
Wotan Guden for krig og kontraktar, herskaren til gudane bassbaryton August Kindermann Franz Betz
Fricka Ekteskapets gudinne, Wotans ektefelle mezzosopran Anna Kaufmann Friederike Grün
Valkyrjer
Brünnhilde Wotans dotter via Erda. sopran Sophie Stehle Amalie Materna
Gerhilde Wotans dotter sopran Karoline Lenoff Marie Haupt
Ortlinde Wotans dotter sopran Henriette Müller-Marion Marie Lehmann
Waltraute Wotans dotter mezzosopran Hemauer Luise Jaide
Schwertleite Wotans dotter alt Emma Seehofer Johanna Jachmann-Wagner
Helmwige Wotans dotter sopran Anna Possart-Deinet Lilli Lehmann
Siegrune Wotans dotter mezzosopran Anna Eichheim Antonie Amann
Grimgerde Wotans dotter mezzosopran Wilhelmine Ritter Hedwig Reicher-Kindermann
Roßweiße Wotans dotter mezzosopran Juliane Tyroler Minna Lammert

Kjente utdrag

endre
  • Forspelet til akt 1
  • Siegmunds forteljing («Ein Schwert verhiess mir der Vater», akt 1, scene 3)
  • Siegmunds vårsang («Winterstürme wichen dei Wonnemond», akt 1, scene 3)
  • Forspillet til akt 2
  • Dødsbebudelsen («Siegmund! Sieh auf mich», akt 2, scene 4)
  • Valkyrierittet («Hojotoho! Heiaha!», akt 3, scene 1)
  • Wotans farvel («Leb wohl, du kühnes, herrliches Kind», akt 3, scene 3)
  • Magisk eld («Loge, hör'!», akt 3, scene 3)

Kjelder

endre
  1. Wagner, Richard (2011), Die Walkure/The Valkyrie., Nicholas John, Andrew Porter, Alma Books, ISBN 978-0-7145-4501-1, OCLC 980826116, henta 4. juni 2022 
  2. Holman, J. K. ([200-], 2001), Wagner's ring : a listener's companion & concordance, Amadeus, s. 179–187, 206–220, ISBN 1-57467-070-0, OCLC 244013043, henta 4. juni 2022 
  3. Holman, J. K. ([200-], 2001), Wagner's ring : a listener's companion & concordance, Amadeus, s. 57–58, ISBN 1-57467-070-0, OCLC 244013043, henta 4. juni 2022 
  4. 4,0 4,1 «Die Walküre: Performance History», opera.stanford.edu, henta 4. juni 2022 
  5. Osborne, Charles (1992), The complete operas of Wagner : a critical guide, Gollancz, s. 200, ISBN 0-575-05380-1, OCLC 59923745, henta 4. juni 2022 
  6. Osborne, Charles (1992), The complete operas of Wagner : a critical guide, Gollancz, s. 201, ISBN 0-575-05380-1, OCLC 59923745, henta 4. juni 2022 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Operaen Valkyrien

Litteratur

endre
  • Dieter Borchmeyer (1982) Das Theater Richard Wagners. Idee ─ Dichtung ─ Wirkung, Stuttgart (Reclam); engelsk omsetjing: Drama and the World of Richard Wagner, Princeton (Princeton University Press) 2003, ISBN 978-0-691-11497-2
  • Deryck Cooke (1979). I Saw The World End. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-315318-9
  • Robert Donington (1963). Wagner's 'Ring' and its Symbols. London: Faber and Faber.
  • J.K. Holman (2001). Wagner's Ring: A Listener's Companion & Concordance. Portland, OR: Amadeus Press. ISBN 978-1-57467-070-7
  • Barry Millington (1992). «The Music: Operas». I Barry Millington (red.). The Wagner Compendium. London: Thames and Hudson. ISBN 978-0-50028-274-8
  • Roger Scruton (2016).The Ring of Truth: The Wisdom of Wagner's Ring of the Nibelung. London: Penguin Books. ISBN 978-0-141-98072-0
      Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.