Johannesnøklar
Johannesnøklar | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Orchis | ||
Art: | O. militaris | ||
Vitskapleg namn | |||
Orchis militaris | |||
Økologi | |||
Habitat: | open grasmark | ||
Utbreiing: | Eurasia |
Johannesnøklar (Orchis militaris) er ei plante i vårmarihandslekta Orchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Ho veks ikkje i Noreg.
Utbreiing
endreI Sverige finst johannesnøklar først og fremst på Öland og Gotland, der han er ganske vanleg, og arten har òg nokre funnstader på fastlandet. Arten (svensk namn johannesnycklar) er rekna som livskraftig (LC).[3]
I Danmark er arten (dansk namn ridder-gøgeurt) berre kjend frå ein einskild funnstad i utkanten av København. Han er ikkje raudlistevurdert, men skildra som «sjælden».[4]
I Finland har arten (finsk namn soikkokämmekkä) nokre få spreidde funnsteder i det sørlige delen av landet, og arten er rekna som sterkt truga (EN).[5]
Johannesnøklar (engelsk namn military orchid) veks heilt søraust i Storbritannia. I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU),[6] det same som lokalt i England.[7]
I Estland (estisk namn hall käpp) veks johannesnøklar mest på øyane og vest på fastlandet, noko meir spreidd i sør. Han er rekna som livskraftig (LC).[8] I Latvia (latvisk namn bruņcepuru dzegužpuķe)[9] er arten i tilbakegang og er klassifisert som sjeldan (kategori 3 – samazinās).[10] I Litauen (litauisk namn šalmuotoji gegužraibė) er arten og i sterk tilbakegang og finst no mest i den nordlege delen av landet. Han er rekna som sterkt truga (EN).[11][12]
I Benelux veks arten (nederlandsk namn soldaatje, fransk namn orchis militaire) i Nederland mest i Limburg. I Belgia veks han spreidd og er sjeldan både i Flandern og i Vallonia.[13][14] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar).[15] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[16][17] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[18]
Hybridar
endreI England har johannesnøklar danna hybridar med Orchis simia (Orchis militaris × simia eller Orchis ×beyrichii).[19] Hybriden har vore påvist i Oxfordshire, men foreldreartane finst ikkje lenger i same område. Det har òg vore rapportert om hybridar i England med purpurnøklar (Orchis militaris × purpurea eller Orchis ×hybrida).[20][21] I Benelux er dette truleg den vanlegaste hybriden, men i Nederland berre i Limburg. I mange tilfelle kryssar han seg tilbake med opphavsartane.[22]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar johannesnøklar». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre johannesnøklar». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «Artfakta: Orchis militaris johannesnycklar». Artdatabanken. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «Naturbasen: Ridder-Gøgeurt Orchis militaris». Naturbasen. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «LAJI: Orchis militaris». LAJI.FI. Henta 28. februar 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Orchis militaris» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: bruņcepuru dzegužpuķe» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 58-59. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 417. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Orchis militaris». FLORON. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: Soldaatje – Orchis militaris». Waarnemingen.be. Henta 22. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Orchis × beyrichii». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ «PoWO: Orchis × hybrida». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023.
- ↑ Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Orchis × hybrida». FLORON. Henta 22. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) johannesnøklar hos Artsdatabanken
- (en) johannesnøklar i Encyclopedia of Life
- (en) johannesnøklar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) johannesnøklar hos Dyntaxa
- (en) johannesnøklar hos NCBI
- (en) johannesnøklar hos The International Plant Names Index
- (en) johannesnøklar hos Tropicos
- (en) Kategori:Orchis militaris – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Orchis militaris – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Orchis militaris – detaljert informasjon på Wikispecies