Otis Spann
Otis Spann (21. mars 1924–24. april 1970)[3] var ein USA-amerikansk bluesmusikar, som mange rekna som den leiande pianisten i Chicago blues i etterkrigstida.[2][4]
Otis Spann | |||
Fødd | 21. mars 1924 eller 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Belzoni eller Jackson i Mississippi i USA | ||
Død | 24. april 1970 (alder 40-46) | ||
Dødsstad | Chicago i Illinois, USA, buried: Burr Oak Cemetery[1] | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1944–1970 | ||
Sjanger | Chicago blues[2] | ||
Instrument | Vokal, piano | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | Muddy Waters | ||
Plateselskap | Decca, Chess, Storyville, Bluesway, Vanguard, CBS/Blue Horizon | ||
Verka som | Vokalist Musikar | ||
Prisar | Blues Hall of Fame |
Spann var eit viktig medlem av bandet til Muddy Waters i 1950- og 1960-åra, og spelte på dei fleste av dei klassiske Waters-innspelingane for Chess Records mellom 1953 og 1969.[4]
Karriere
endreSpann byrja å spele piano då han var åtte år gammal, og 14 år gammal spelte han i forskjellige band kring Jackson i Mississippi. Kring 1946 flytta Spann til Chicago. I 1952 kom han med i bandet til Muddy Waters, og den første innspelinga for Chess var «Blow Wind Blow». Andre Waters-songar med Spann på piano er mellom andre «Hoochie Coochie Man», «I'm Ready» og «Just Make Love to Me».
Sjølv om Spann var ein dugande songar, spelte han berre inn ein singel for Chess, i 1954 med «It Must Have Been the Devil», der B.B. King spelte gitar. Spann spelte inn eit album for Candid med gitaristen Robert Jr. Lockwood i 1960, eit soloalbum for Storyville i 1963, innspelt i København, eit par album for britiske Decca dei neste åra, i lag med Waters og Eric Clapton på gitar, og i 1964 eit album for Prestige, der Spann song i lag med bandkollegaen James Cotton.
The Blues Is Where It's At vart spelt inn i 1966 for ABC-Bluesway, og høyrdest ut som eit konsertopptak, men var i røynda spelt inn i studio, der folk som såg på i studio applauderte mellom kvar song. Eit anna album for Bluesway, The Bottom of the Blues, kom ut i 1967 der kona til Otis, Lucille Spann, var med på vokal.
Dei siste par åra med Muddy Waters samarbeidde dei på albumet Fathers and Sons, men Spann var på denne tida klar for å lansere ei solokarriere, og spelte inn eit par album for Blue Horizon med bluesrockbandet Fleetwood Mac, mellom anna med songen «Hungry Country Girl». Spann kom derimot aldri i gang med solokarrieren og døydde av kreft i april 1970.[4]
Han vart posthumt innlemma i Blues Hall of Fame i 1980.
Diskografi
endreSolo
endre- Otis Spann Is the Blues (Candid, 1960)
- Good Morning Mr. Blues (1963)
- The Blues of Otis Spann (Decca, 1964)
- The Blues Never Die! (Prestige, 1965)
- Chicago/The Blues/Today!, vol. 1 (Vanguard, 1966)
- Otis Spann's Chicago Blues (Testament, 1966)
- The Blues Is Where It's At (Bluesway, 1966)
- Nobody Knows My Troubles (Bounty, 1967)
- The Bottom of the Blues (Bluesway, 1968)
- Cracked Spanner Head (1969)
- The Biggest Thing Since Colossus (Blue Horizon, 1969)
- The Everlasting Blues vs. Otis Spann (1969)
- Up in the Queen's Pad (1969)
- Sweet Giant of the Blues (BluesTime, 1969)
- Cryin' Time (Vanguard, innspelt 1968, utgjeve 1970)
- Walking the Blues (Candid, innspelt 1960, utgjeve 1972)
- Heart Loaded with Trouble (1973)
- Otis Rides Again (Piccadilly 3488, 1980)
- Last Call: Live at Boston Tea Party (innspelt 1970, utgjeve 2000)
- I Wanna Go Home (innspelt 1964–69, utgjeve 2003)
- Complete Blue Horizon Sessions (innspelt 1969, utgjeve 2006)
- Someday... (innspelt 1967, utgjeve 2012)
Med andre artistar
endre- Muddy Waters og Otis Spann, Collaboration (innspelt 1958, utgjeve 1995)
- Muddy Waters, At Newport 1960 (1960)
- Lonnie Johnson, Portraits in Blues, vol. 6 (1963)
- Forskjellige artistar, Raw Blues (innspelt 1964, utgjeve 1967)
- Chicago/The Blues/Today!, vol. 2, med Jimmy Cotton Blues Quartet (1966)
- John Lee Hooker Live at Cafe au Go-Go. Muddy Waters, Otis Spann, Sammy Lawhorn, Luther Johnson, Mac Arnold, Francis Clay and George Smith (1967)
- Buddy Guy, A Man and the Blues (1968)
- Muddy Waters, Fathers and Sons (1969)
- Johnny Shines, Last Night's Dream (1969), Spann spelte piano på «Pipeline Blues» (1969)
- Junior Wells, Southside Jam Blues (1969)
- Fleetwood Mac in Chicago/Blues Jam in Chicago, Vols. 1–2 (1969)
- Muddy Waters, Mud in Your Ear (1967, utgjeve 1973)
- Eddie «Cleanhead» Vinson, Bosses of the Blues, vol. 2 (innspelt 1970, utgjeve 1991)
- Floyd Jones og Eddie Taylor, Masters of Modern Blues, vol. 3 (innspelt 1966, utgjeve 1994)
- Otis Spann med Muddy Waters and His Blues Band, Live the Life (innspelt live 1964–69, utgjeve 1997)
- T-Bone Walker, Joe Turner og Otis Spann, Super Black Blues, vol. 1 (innspelt 1969, utgjeve 2001)
- David Maxwell og Otis Spann, Conversations in Blue (2010)
- Chuck Berry, «You Can't Catch Me», «No Money Down", «Sweet Little Rock and Roller», «Roly Poly», «Berry Picking»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Otis Spann» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sec. 6, lot 13, row 8, grave 31, Burr Oak Cemetery, Alsip (south Chicago), Illinois. Wilson, Scott. Resting Places: The Burial Sites of More Than 14,000 Famous Persons (3d ed.). 2 (Kindle locations 44371–44372). McFarland & Company. Kindle Edition.
- ↑ 2,0 2,1 Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music. Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 181. ISBN 1-904041-96-5.
- ↑ Doc Rock. «The 1970s». The Dead Rock Stars Club. Henta 28. juni 2017.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Dahl, Bill. «Otis Spann: Biography». AllMusic.com. Henta 28. juni 2017.